Assisterande avdelingsleiar ved Bu- og miljøtenesta

Eid kommune har ledig 100 % fast stilling som assisterande avdelingsleiar ved Bu- og miljøtenesta. Stillinga er ledig frå 09.09.2019.

Bu- og miljøtenesta er ei avdeling i Eid kommune samansett av Vernepleietenesta og bufellesskapen Høgebakkane (psykisk helse). Avdelinga har om lag 70 årsverk og om lag 100 tenestemottakarar. Leiarteamet i Bu- og miljøtenesta er samansett av avdelingsleiar, to assisterande avdelingsleiarar og tre fagleiarar.
Det er ei svært spennande, men også ei krevjande tid i helse- og omsorgsavdelingane i Eid kommune. I 2020 skal Eid og Selje kommunar slå seg saman til Stad kommune og omstillingane vil krevje endringsvilje på alle nivå. Tenesta er ute etter ein tydeleg, strategisk og effektiv nestleiar som kan organisere og utvikle Bu- og miljøtenesta i saman med leiarteamet og dei tilsette.
Eid kommune planlegg å byggje eit nytt hus på Myroldhaug med samlokalisering for tenestemottakarar med behov for spesiell tilrettelegging heile døgnet. Assisterande avdelingsleiar vil være ein del av teamet som medverkar i dette arbeidet.
Assisterande avdelingsleiar vil ha eit særleg ansvar for tenestemottakarar med utviklingshemming.

For meir informasjon, sjå ekstern lenkje i denne annonsen.

Eid kommune

Søknadsfrist

onsdag 7. august 2019

Kontaktpersonar

Barbro Longva

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.