Faglærar, kunst og handtverk

Vågsøy kommune har ledig 100% stilling frå byrjinga av september som faglærar i kunst og handverk. Hovudvekt innanfor trearbeid, men også design/redesign og arbeidslivsfag.

Arbeidsstad: Vågsøy ungdomsskole

Vi søkjer ein kreativ og sjølvstendig person som trivst saman med ungdom. Digital kompetanse er ein fordel.

Vågsøy ungdomsskole er ein av landets nyaste og mest moderne ungdomsskular og vart offisielt opna 17. januar 2018.

Det er ønskjeleg at søkjar fyller krav til kompetanse for undervisning etter ny kompetanseføreskrift.

Vi legg vekt på:                                                                                                         

            Personlege eigenskapar som:  

·         Fleksibilitet, sjølvstende og kreativitet

·         Å vere gode klasseleiarar i skulen

·         Evne til å byggje og ivareta gode relasjonar

·         Endrings- og utviklingsorientert

·         Gode samarbeidsevner

·         Evne til å inspirere og motivere

Vi kan tilby:

·         Spennande arbeidsoppgåver

·         Utfordringar

·         God pensjonsordning

·         Ryddige arbeidsforhold

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Det er ønskjeleg at referanse vert oppgitt.

Den som vert tilsett må leggje fram politiattest av ny dato.

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten i søknaden.

For nærare opplysningar kan du ta kontakt med rektor Kåre Bakke  tlf. 57 84 54 03 / 913 84 522

Alle søkjarar til ledig stilling i Vågsøy kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Søknadsfrist: 11.08.2019

Vågsøy kommune

Søknadsfrist

søndag 11. august 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.