Musikkterapeut v/ omsorg og kulturskule

Flora kommune v/ omsorg og kulturskule har ledig 100% stilling som musikkterapeut/musikk- og kulturskulelærer innan musikkterapi. Stillinga er sett saman slik:

  • 50% musikkterapeut i omsorg
  • 50% musikkterapeut i kulturskule

Arbeidsoppgåver

50% stilling i omsorg er arbeid som musikkterapeut i eldreomsorg både på institusjon og heimeteneste. Den andre delen av stillinga er knytt til kulturskule og vil vere elevverksemd i samarbeid med oppvekst- og helsesektor i kommunen. Stillinga vil samarbeide tett med musikkterapeut i kommunen og elles vere i eit spanande tverrfagleg miljø.

Krav til kompetanse

Formelt godkjent musikkterapiutdanning (gamal eller ny ordning). Utdanning/kompetanse innan ulik terapeutisk/pedagogisk verksemd og/eller ulike kunstfag og spesielt musikk, kan telje ved ellers like kvalifikasjonar.

Personlege eigenskapar

Det er forventa at søkjar har ein positiv innstilling til utadretta verksemd knytt til etablering av nye musikkterapitilbud. Du må ha initiativ og ha eit blikk for tverrfagelg samarbeid samt gode samarbeidsevne. Personlege eigenskapar vert vektlagt.


Flora kommune

Søknadsfrist

søndag 18. august 2019

Kontaktpersonar

Jorunn Bakke Nydal

Arne Magne Sunnarvik

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.