HR-/Personalsjef

Vår noverande Personalsjef går av med pensjon 31.12.19 og vi søkjer:


HR-/Personalsjef til Stryn kommune

Du som ny HR-/Personalsjef vil få ei nøkkelrolle i å vidareutvikle Stryn kommune som kompetanseorganisasjon i åra som kjem. Du får ein sentral strategisk rolle, inngår i rådmannen si leiargruppe og er ein viktig støttespelar for rådmann, kommunalsjefar og einingsleiarar.

Ansvarsområdet er kommunen sin overordna arbeidsgjevarstrategi og personalpolitikk, samt den operative leiinga av kommunen si personalavdeling.

Personalavdelinga leverer tenester til heile den kommunale organisasjonen. Avdelinga vart oppretta 1. januar 2019. Vi samla då kompetansen som tidlegare var spreidd i sektorane i ei stabsavdeling med 3,8 stillingar. Dette er ein konsekvens av at fagområdet er i utvikling frå tradisjonelt personalarbeid til eit HR-fokus der utvikling av vår viktigaste ressurs, medarbeidarane, blir stadig meir sentralt.

Andre arbeidsoppgåver til personalstaben er å administrere og halde kontakten med tilitsvalde, vernetenesta og lærlingeordninga. HR-/Personalsjefen er også sentral i arbeidet knytt til lønsoppgjer og forhandlingar.

Vi søkjer ein medarbeider som kan utvikle organisasjonen Stryn kommune som tenesteleverandør og vere ein pådrivar i bruk av ny teknologi, samt å ha fokus på organisasjonsutvikling og metode for å nå framtidige mål

Stryn kommune

Søknadsfrist

søndag 18. august 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.