Kundebehandlar på Studentseneret vårt i Bergen

Sparebanken Sogn og Fjordane søkjer etter kundebehandlar på Studentsenteret, med arbeidsplass i Bergen.

Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største sparebanken i landet. Banken har ein forvaltningskapital på vel 50 milliardar kroner og nær 300 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen.

Vi har no ledig ei spennande deltidsstilling som kundebehandlar på Studentsenteret i Bergen. Er du god på kommunikasjon, ynskjer å skape dialog og tillit og har godt humør, så er det kanskje deg vi er på jakt etter.

Arbeidsoppgåver
• Kundepleie for eksisterande kundar over telefon
• Innsal og møtebooking for lokalkontora
• Sal og marknadsføring av banken sine tenester og produkt
• Andre marknadsføringsaktivitetar

Personlege eigenskapar
• Positiv lagspelar med gode samarbeidsevner
• Utprega serviceinnstilling og god vurderingsevne
• Proaktiv, strukturert og engasjert
• Oppteken av å drive utvikling og skape resultat
• Evne til å kommunisere tydeleg, og forstå behov i organisasjonen og hos kundane
• Fortrinnsvis studentar på økonomistudie som er tidleg i studieløpet

Vi tilbyr
• Ei spennande og utfordrande stilling med god mogelegheit for personleg utvikling
• Løn etter avtale og fri pensjonsordning
• Eit arbeidsmiljø med gode kollegaer som vil ta godt imot deg

Studentsenteret har hovudansvar for oppfølging av kundar utan lån som er mellom 18 og 26 år. Målsettinga er å bygge positive relasjonar med kundane gjennom å avdekke behov. Dette skjer gjennom oppfølging per telefon. Deltidsstillinga er på 20%, med arbeid 5 timar på kveldstid (mellom kl 15.30 – 20.30) ein til to kveldar i veka.

Har du spørsmål, ta kontakt med teamleiar Ruben Skrede på 905 69 792 – ruben.skrede@ssf.no eller banksjef Alexander E. Dvergsdal 468 64 434 – alexander.dvergsdal@ssf.no.

Send søknad her


Sparebanken Sogn og Fjordane

Søknadsfrist

søndag 11. august 2019

Kontaktpersonar

Ruben Skrede

Alexander E. Dvergsdal

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.