Systemutviklar ID-porten

Lyst til å jobbe med viktige nasjonale fellesløysingar i staten?

Difi søkjer ein erfaren systemutviklar for å bidra til å vidareutvikle ID-porten. Vi søkjer deg som vil bli ein del av Norges fremste kompetansemiljø innan systemutvikling og sikkerheit. Vi jobbar med identitetsdrive sikkerheit basert på OIDC og OAuth2, og for tida utviklar vi ny og spennande funksjonalitet knytt til datadeling, api-sikring og autentisering av verksemder.

Hos Difi vil du bli ein del av eit større fagmiljø på 25 utviklarar. Du vil møte eit stort spenn i arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for personleg utvikling. Vi legg vekt på smidig arbeidsmetodikk og effektive leveransar. Du kjem til å arbeide med oppgåver saman med fagmiljø både i og utanfor Difi.

Difis utviklingsmiljø jobbar planmessig, med stor fagleg tyngde og høge ambisjonar. For å jobbe i Difi er det viktig at du er nysgjerrig og utforskande innan teknologi og metodikk, og evnar å sjå korleis dette kan nyttast i utviklinga av digitale løysingar.

Stillinga er fast med arbeidsstad på Leikanger. Arbeidsstad Oslo kan vurderast i særlege tilfelle.

I tillegg til interessante faglege utfordringar kan vi tilby kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen.

Er dette jobben for deg? 

Her finn du fullstendig annonse og søknadsskjema.

Direktoratet for forvaltning og ikt

Søknadsfrist

søndag 18. august 2019

Kontaktpersonar

Jørn Stenehjem

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.