Spesialpedagog ved Halbrend skule

Halbrend skule er ein kombinert skule med 465 elevar på 5.-10. steget i Førde kommune. Frå 1.1.2020 blir Førde kommune ein del av Sunnfjord kommune saman med Gaular, Jølster og Naustdal.

Skulen har vore gjennom ei omfattande utbygging og renovering. Dei fleste klasseromma og fellesområda er oppdatert med nytt inventar og det er smartboard installert i alle klasserom.
Halbrend skule har gode faglege resultat, eit godt arbeidsmiljø og gode resultat på elevundersøkinga. Vi har ein tydeleg profil og vektlegg skulen sine kjerneverdiar: respekt - omsorg - samarbeid - kunnskap - engasjement. Vi arbeider for å bli ein lærande organisasjon og har sett læring og utvikling i system. Vi vektlegg ein felles pedagogisk plattform som alle på skulen skal følge opp. Eit av satsingsområda er vurdering for læring og skulen har kome langt i dette arbeidet.

Vi har ledig følgande vikariat:

  • 100 % stilling frå 01.10.2019 - 30.09.2020


Vi søker deg som har:

  • master eller 2. avd. i spesialpedagogikk


Arbeidsoppgåver:

  • Vere ein fagleg pådrivar innan det spesialpedagogiske fagområdet
  • Skrive enkeltvedtak
  • Tilrettelegge, koordinere og organisere tilpassa opplæring
  • Hjelpe elevar  i høve sosiale forhold som innverkar på læring og utvikling
  • Følge opp 9a saker
  • Rådgje lærarar i samband med utarbeiding av IOP og søknad på spes.ped. ressursar
  • Samarbeide med eksterne instansar, som politi, barnevern og PPT
  • Undervisning i ca. 50 %

Vi ønsker ein utviklingsorientert spesialpedagog som evner å bygge relasjonar. Du må kunne arbeide i team og samarbeide for å finne løysingar. Du må vere strukturert og systematisk. Personlege eigenskapar vert veklagt og aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Politiattest vert krevd før start i stilling.

Velkomen som søkar!

Førde kommune

Søknadsfrist

lørdag 27. juli 2019

Kontaktpersonar

Sølvi Irene Søgnen

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.