Sakshandsamarstilling, Nasjonal transportløyve i Lærdal

Nasjonal transportløyve i Lærdal har ei ledig sakshandsamarstilling. Vi er organisert under Trafikant- og kjøretøyavdelinga og har pr. i dag 9 faste tilsette som har ansvaret for utferding og administrering av transportløyve (gods- og turvognløyver) som gjeld både nasjonalt og internasjonalt. 

Ansvarsområde og arbeidsoppgåver:

  • Ta imot og handsame løyvesøknadar og andre saker knytt til transportløyve
  • Utferde transportløyver for gods- og turvogn
  • Handsame innkomne saker knytt til transportløyve
  • Kontakt med fagmiljø i Vegdirektoratet
  • Handsame endringar som vert meldt inn frå Brønnøysundregistrene
  • Veilede transportørar, finansinstitusjonar og andre via mail og telefon
  • Klagebehandling
  • Vurdere og behandle ERRU-overtredelser som vi mottek i forbindelse med kontrollar som er utført langs veg i inn- og utland. Samt utveksle informasjon med andre nasjonale etatar og EU/EØS land

 Kvalifikasjonskrav:

  • Min  3- års utdanning frå universitet eller høgskule innan relevant fagkrins.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsemne på norsk og engelsk
  •  Kjennskap til offentleg forvaltning og sakshandsaming er ein fordel. 

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, samt gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetning av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi vil i tillegg særleg vektleggje personlege eigenskapar og haldningar, så som;

  • kunna arbeida systematisk og nøyaktig etter gjeldande regelverk
  • evne til å arbeida sjølvstendig og saman med andre
  • evne til å bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø
  • god sjølvinnsikt og høg integritet

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • pensjonsordning og muligheit for lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet.  Me jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad, og vil gjerne ha ein søknad også frå deg som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Me gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan brukast til registrering.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Statens vegvesen Region vest

Søknadsfrist

mandag 19. august 2019

Kontaktpersonar

Leiar for Nasjonal transportløyve, May Britt B. Solheim

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.