Ledige stillingar innan byggherre i Sogn og Fjordane

Vegavdeling Sogn og Fjordane har mange viktige oppgåver framover, og treng byggherrepersonell på ulike prosjekt i fylket. Alle stillingane vil vere knytt til byggherrepoolen i Region vest. Grunna regionreforma vil enkelte av stillingane bli overførde til Vestland fylkeskommune frå 1.1.2020.

Vegseksjonane i Sogn og Fjordane har ansvaret for drift- og vedlikehald på riks- og fylkesvegar og bygging av nyanlegg innanfor gitte rammer.

Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande innan eit sterkt fagmiljø.

Byggeleiarar driftsprosjekt i Sogn og Fjordane

Vi søkjer dyktige, engasjerte og samarbeidsorienterte byggeleiarar med erfaring frå samferdsleprosjekt. Å vere byggeleiar er krevjande og spennande. Du har den daglege kontakten med entreprenør og får mykje kontakt med andre samarbeidspartar.

Kontorstad vil vere Nordfjordeid og Leikanger.

Arbeidsoppgåver:

  • oppfølging av kontrakt med entreprenør
  • halde byggemøte og skrive referat, rapportere og følgje opp økonomi, kvalitet og framdrift
  • delta aktivt i HMS-arbeidet
  • vere ute på vegen for å halde kontroll av tilstand på vegnettet
  • delta i utarbeiding av nye konkurransegrunnlag for driftskontrakter
  • kontakt med kommunar og grunneigarar

 Kvalifikasjonskrav:

Det vert kravd minimum 3-års relevant utdanning frå universitet eller høgskule. Dersom du har sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, samt gode personlege føresetnader for stillingane, kan kravet til utdanning fråvikast. Søkjar må ha førarkort for bil (kl. B).

God fagleg tyngd frå gjennomføring av drifts- og vedlikehaldsoppgåver på veg er ein fordel, men det er like viktig at du kan handtere ulike samarbeidspartar på ein god måte.

Vi legg vekt på:

  • relevant og tverrfagleg arbeidserfaring
  • kontraktsforståing
  • kunnskap om regelverk innan aktuelle fagfelt
  • gode samarbeidsevner og at du er aktivt med på å skape eit triveleg arbeidsmiljø
  • gode datakunnskapar, god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • at du er sjølvstendig, initiativrik og jobbar strukturert

 Kontrollingeniørar tunnelprosjekt

Det skal byggast fleire nye tunnelar i Sogn og Fjordane, mellom anna i Stryn og Årdal kommune.   

Kontorstad vil vere byggherrekontor i Årdal og Stryn.

Arbeidsoppgåvene vert å:

  • vere ein del av byggeleiinga som føl opp kontrakt med entreprenør
  • kontrollere, rapportere og følgje opp kvalitet og framdrift
  • delta i ulike møter og vere ute på anleggsstaden
  • delta aktivt i HMS-arbeidet
  • bistå i utarbeiding av kontrollplanar

God fagleg tyngd frå faget er ein fordel, men det er like viktig at du kan handtere både kollegaer og entreprenørar på ein god måte.

Kontrollingeniør for Førdepakken

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som kontrollingeniør for Førdepakken, fortrinnsvis med kompetanse innan vegbygging.

Vi søkjer etter omgjengeleg og målretta person innan fagområda veg, betong og bru. Både kreativitet og evne til systematisk arbeid er viktige eigenskapar i denne jobben. Ein kontrollingeniør må vere ryddig og real. Evne til å samarbeide med entreprenørane våre er heilt avgjerande, og du bør trivast ute på byggjeplassen.  Stillings- /ansvarsbeskrivelse for kontrollingeniør er gjeve i SVV si håndbok R760. Stillinga inneber kontroll og oppfølging med fokus på teknisk kvalitet, HMS og trafikkavvikling. Vi har prosjektkontor i Raudekorsbygget i Førde, der du vil få kontorplass saman med resten av teamet som jobbar med Førdepakken.

Arbeidsoppgåver

•          kontakt og oppfølging av entreprenørar og andre leverandørar

•          kvalitets- og kostnadskontroll

•          utarbeiding av kontrollplanar

•          oppfølging av HMS ute på anlegget

•          kontroll av dokumentasjon og målebrev

•          delta på byggemøte

•          geomatikaroppgåver (landmåling) for Førdepakken.

Ein stor del av kommunikasjonen føregår på data ved hjelp av ulike fagprogram, og du må difor ha gode  datakunnskapar, men det vert gjeve opplæring i fagprogramma.  Du må ha kunnskap om bruk av geomatikarutstyr (GPS og totalstasjon) og skal vere Førdepakken sin ressursperson innan dette feltet.

Kvalifikasjonskrav for alle kontrollingeniørane:

Det vert kravd 3 års relevant utdanning frå universitet eller høgskule. Dersom du har sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, samt gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast. Søkjar må ha førarkort for bil (kl. B).

Vi legg vekt på:

  • relevant og tverrfagleg arbeidserfaring, og erfaring frå tunnelfaget er ønskjeleg
  • kunnskap om regelverk innan relevante fagfelt
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • at du er sjølvstendig, initiativrik og jobbar strukturert
  • gode samarbeidsevner og at du er aktivt med på å skape eit triveleg arbeidsmiljø

 …………..

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Statens vegvesen ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet.  Me jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad, og vil gjerne ha ein søknad også frå deg som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Me gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan brukast til registrering.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode høve for fagleg påfyll

 Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Søknad:

Dersom du synest stillingane høyrest spennande ut, sender du søknaden via vår
jobbportal: www.vegvesen.no/jobb innan 7. august. d.å.  Det er viktig
at du skriv i søknaden din kva stilling/stillingar du er interessert i.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om
unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Statens vegvesen Region vest

Søknadsfrist

onsdag 7. august 2019

Kontaktpersonar

Seksjonsleiar Tone Anette Espe, Vegseksjon Fjordane

Seksjonsleiar Eivind Yttri, vegseksjon Sogn

Prosjektleiar Erling Varlid, Førdepakken

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.