Styrar Vangen barnehage

Vi har ledig vikariat i 100% stilling, som styrar i Vangen barnehage. Stillinga er mellombels frå 01.10.19 - 01.08.20, med muligheit for forlenging.

Aurland kommune har to kommunale barnehagar. 

Vangen barnehage har tre avdelingar. Det er ca 35 barn frå 1-6 år i Vangen barnehage frå nytt barnehageår.

Flåm barnehage har to avdelingar . Det er ca 20 barn frå 1-6 år i Flåm barnehage frå nytt barnehageår.

Barnehagane i Aurland er med i Sogn regionråd sitt program for barnehage- og skuleutvikling. "System for styrka læring". Gjennom utviklingsprogrammet deltek tilsette og leiing i regionale kompetanse- og fagnettverk.

Styrar arbeider inntil 40% på avdeling. Resten av stillinga er knytt til leiing.

Arbeidsoppgåver

-pedagogisk plattform
-utviklingsarbeid og arbeid med overordna planar
-årsplanarbeid
-ressursdisponering
-personalmøte
-avdelingsleiarmøte og andre relevante leiarmøte
-samarbeid med eksterne
-koordinere møte i samarbeidsutval
-sikre gode rutinar for tverrfageleg samarbeid internt i kommunen
-rutinar for samarbeid med stab/støtte og teknisk
-rutinar for internkontroll og kvalitetssystem
-rapportering og rutinar for dokumentasjon
-ulike typar sakshandsaming

Ansvarsområde som ligg til stilling

-personalansvar
-organisasjonsansvar
-resultatansvar
-beredskapsansvar
-serviceansvar
Medansvar for økonomistyring, innkjøp og rapportering.

Personlege eigenskapar

-vere tydlig rollemodell
-vere løysnings fokusert
-ta initiativ til det daglege arbeidet
-vere fleksibel og open for endringar

Kvalifikasjonar

Minimum treårig utdanning som barnehagelærar. Aurland kommune nyttar nynorsk som skriftspråk. Vi forventar at den/dei som blir tilsett snakkar godt norsk og kan nytte nynorsk i skriftleg form. Leiarerfaring er ei føremon. Personelge eigenskapar vert vektlagt.
Gyldig politiattest er ein føresetnad for tilsetting.

Løns- og tilsetjingsvilkår

Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. Offentleg tenestepensjon.

Generell informasjon om søknadsprosessen

Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord". 

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Aurland kommune

Søknadsfrist

mandag 22. juli 2019

Kontaktpersonar

Steinar Søgaard

Marianne Christensen

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.