Helsesjukepleiar og klar for nye faglege utfordringar?

Til å ha det faglege ansvaret for helsestasjonen og skulehelsetenesta søkjer vi no etter ein dyktig helsesjukepleiar med stor interesse for faget sitt. Den nye fagansvarlege må vere oppteken av korleis ein best kan få til helsefremmende og førebyggande arbeid blant barn og unge.

Vi ser etter ein helsesjukepleiar med fokus på heilskapeleg utvikling av helsestasjonen og skulehelsetenesta, og som jobbar målretta og systematisk for å ha eit best mogleg tilbod til barn og unge og familiane deira i kommunen. 

Vår nye fagansvarlege vil handtere dei daglege driftsoppgåvene for tenesta, og sørge for fagleg utvikling og kompetanseheving for dei øvrige tilsette. I tillegg vil tverrfagleg samarbeid med dei andre helsetenestene og oppvekstsektoren vere sentralt. 

Det kan bli aktuelt å tilsetje helsesjukepleiar utan fagansvar i staden for fagansvarleg avhengig av søkjarane. 

Arbeidsoppgåver
Oppgåver i helsestasjon, skuleheleteneste og helsestasjon for ungdom etter nasjonale retningslinjer, lovar og forskrifter
Direkte arbeid med barn og ungdom og deira familiar
Foreldrerettleiing
Fokus på tverrfaglegheit og tidleg innsats
Logistikk kring samarbeidspartar som skule, barnehage mv. 
Bestilling av medisinsk utstyr og anna til helsestasjonen
Superbrukar i CGM - helsestasjonen sitt fagsystem

Kvalifikasjonar
Offentleg godkjent utdanning som helsesjukepleiar/helsesøster
Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid i helsestasjon og skulehelsetenesta
Gode IKT-kunnskapar
Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding

Personlege eigenskapar
Positiv
Tillitsskapande
Oppteken av tverrfagleg samarbeid
Strukturert

Vi tilbyr
Konkurransedyktig løn
Gode pensjons- og forsikringsordninger

Ein meiningsfull arbeidskvardag saman med trivelege kollegaer
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Fjaler kommune

Søknadsfrist

søndag 23. juni 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.