Interessert i leiaroppgåver i kombinasjon med arbeid i avdeling?

 Vi søkjer etter teamleiarar ved Fjaler sjukeheim.

Fjaler sjukeheim skal til hausten organiserast i to team, eitt med ansvar for pasientar på korttidsavdeling og rehabilitering, og eitt team med ansvar for brukarar ved langtidsopphald og pasientar med demens.

Til begge desse teama søkjer vi no etter deg som er motivert for å kombinere ei leiarstilling med arbeid i avdeling.  

Som teamleiar ved Fjaler sjukeheim vil du få ansvar for at pasientane får helsefremjande, rehabiliterande, førebyggande og lindrande omsorgsfagleg bistand for å oppfylle dei mål som er sett for den einskilde. Du vil og vere ein del av det daglege arbeidet, og saman med dine medarbeidarar sikre at teamet sine arbeidsoppgåver vert utført på ein smidig og forsvarleg måte.

Du vil ha rettleiingsansvar overfor andre tilsette i teamet ditt, og eit undervisnings- og rettleiingsansvar overfor pasientar og brukarar, pårørande og studentar. Teamleiar vil vere fagleg ansvarleg i eige team, og skal styre interne prosessar og legge til rette for god tenesteyting og kvalitetsutvikling, herunder fagutvikling og avvikshandsaming.

Det vert forventa at du medverkar aktivt til eit godt arbeidsmiljø i teamet, og til eit godt samarbeid med dei andre einingane innan helse og omsorg.  

Arbeidsoppgåver
Dagleg drift av avdeling
Personalansvar
Turnusplanlegging
Internkontroll
Arbeid i avdeling kvar tredje helg

Kvalifikasjonar
Minimum 3-årig høgre utdanning innan helse og/eller omsorgsrelaterte fag
Erfaring med leiing av medarbeidarar innan helse og/eller omsorg er ein føremon
Kompetanse innan rehabilitering/habilitering eller palliasjon for teamleiarstilling ved korttid- og rehabiliteringsavdeling
Kompetanse innan demensomsorg eller geriatri for teamleiarstilling ved langtids- og demensavdeling
Gode IKT-kunnskapar
Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi-, MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding

Personlege eigenskapar
Tydeleg
Positiv

Oppteken av tverrfagleg samarbeid
Strukturert

Vi tilbyr
Konkurransedyktig løn
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Ein meiningsfull arbeidskvardag saman med trivelege kollegaer

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Fjaler kommune

Søknadsfrist

søndag 23. juni 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.