Vil du vere med og vidareutvikle heimetenestene i Fjaler?

Har du helsefagleg utdanning, erfaring med økonomistyring og personalansvar, og er klar for nye og spanande oppgåver i heimetenestene? Då er det kanskje deg vi leiter etter. 

Vi søkjer no etter ein engasjert og motivert leiar for heimetenestene våre. Den vi ser etter ønskjer å vidareutvikle det eksisterande tilbodet og ta tenestene inn i framtida, med ny teknologi og endra behov hos innbyggjarane. 

Du vil som leiar i heimetenstene vere ein del av kommunalsjefen sin leiargruppe, og samarbeide tett spesielt med teamleiar for heimetenestene og dei andre tenesteområda innan helse og omsorg, men og med andre einingar i kommunen. 

Som leiar vil du ha ansvar for at tenestene våre har det innhald, den kvalitet og den heilskap som innbyggjarane våre treng no og framover. Samtidig vil du ha ei viktig rolle som tilretteleggjar for eit godt og utviklande arbeidsmiljø i eininga.

Arbeidsoppgåver
Videreutvikle tenestene til det beste for innbyggarane
Ansvar for kvalitetssikring, internkontroll og arbeid ved tilsyn m.m. i samsvar med forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesten
Arbeide for å gjennomføre vedtekne planar
Økonomiansvar og rapportering
Personalleiing
Turnusplanlegging og -tilrettelegging

Kvalifikasjonar
Høgare utdanning innan helse og/eller omsorg
Vidareutdanning innan leiarfag er ein føremon
Erfaring med leiing av medarbeidarar innan helse og/eller omsorg er ein ein føremon
Innsikt og kompetanse innan somatikk og geriatri
Erfaring frå samhandling med spesialisthelsetenesta
Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi-, MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding

Personlege eigenskapar
Tydeleg
Handlekraftig
Lojal
Relasjonsbyggjande og inkluderande

Vi tilbyr
Konkurransedyktig løn
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Ein meiningsfull arbeidskvardag saman med trivelege kollegaer

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Fjaler kommune

Søknadsfrist

søndag 23. juni 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.