Rådgjevar/seniorrådgjevar – arkitekt

Sogn og Fjordane fylkeskommune kan tilby eit stort spekter av stillingar knytt til både tenesteyting og utviklingsoppgåver. Vi har ansvar for vidaregåande opplæring, kulturtiltak, tannhelse, kollektivtrafikk, fylkesveg, næringsutvikling og regional planlegging. Vi har 1400 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på 3 mrd. kroner. 

Rådgjevar/seniorrådgjevar – arkitekt 

Fylkeskommunen er ein aktiv og sentral aktør i norsk kulturliv. Vi er no inne i store endringar gjennom fylkessamanslåinga med Hordaland, og mogleg overtaking av kulturoppgåver frå staten. I tillegg har vi også vedteke ny regional plan for kultur som skal setjast i verk frå 2019. Vi har no ledig heil fast stilling i nærings- og kulturavdelinga, kulturseksjonen. 


Oppgåvene som er knytt til stillinga vil vere:

Ansvarsområde vil vere innan kulturminneforvaltninga, med vekt på nyare tids kulturminne, bygningsvern, m.m. Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:

  • Råd/rettleiing til kommunar, organisasjonar, institusjonar og statlege og private eigarar av freda bygg og kulturhistoriske eigedomar
  • Sakshandsaming av aktuelle saker etter plan- og bygningslova og kulturminnelova, herunder også forvaltning av saker i verdsarvområde
  • Plan-, prosjekt- og utvikingsarbeid
  • Tilskotsforvaltning 

Vi krev:

  • Sivilarkitekt/master i arkitektur MNAL.
  • Dokumentert kunnskap om bruk av antikvariske prinsipp i bygningsvern 


Vi vektlegg: 

  • Erfaring som arkitekt med vekt på bygningsvern
  • Erfaring frå offentleg forvaltning
  • Kunnskap om og erfaring frå planprosessar
  • Innsikt i/kunnskap om klima- og miljøutfordringar i høve kulturminne/-bygningsvern.
  • Innsikt i/kunnskap om landsverneplaner. 


Vi treng: 

  • Ein kunnskapsrik og reflektert medarbeidar som er samarbeids- og løysingsorientert, som bidrar til tillit og aksept, er kreativ og utviklingsorientert, er sjølvstendig og har gode forhandlingsevner.
  • Du må vere serviceinnstilt, kunne kommunisere godt både internt og eksternt, og kunne uttrykkje deg godt både skriftleg og munnleg.
  • Det vil vere ein del reiseverksemd i jobben, og det kan også vere naudsynt med noko kvelds- og helgearbeid, særleg i høve oppfølging av frivillige organisasjonar og private eigarar. 

Vi kan tilby:

  • spanande arbeidsoppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
  • løn etter avtale
  • gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • fleksibel arbeidstid
  • arbeidsstad i moderne lokale i Førde 

Stillinga inneber ein del reiseverksemd, og det er difor krav om at den som vert tilsett har førarkort. 


Administrasjonsmålet til fylkeskommunen er nynorsk. 


På heimesida vår: http://www.sfj.no finn du meir informasjon om fylkeskommunen. 

Nærare opplysingar får du hos ass. fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad, telefon 415 30 941 eller fylkeskonservator Eva Moberg, telefon 905 91 452. 


Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema.


Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke søkarlista. Søkar vil blir orientert om dette på førehand. Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit ev. intervju. 


Søknadsfristen er 23. juni 2019.

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Søknadsfrist

tirsdag 25. juni 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.