Koordinerande sjukepleiar

Høyanger sjukeheim har 3 koordinerande sjukepleiarar og frå medio august har vi ledig 100% fast stilling. Arbeidstid : dagtid med 3.kvar helg. 

Funksjon som koordinerande sjukepleiar er å være eit bindeledd mellom avdelinga og leiinga, og  arbeidsoppgåver handlar om å sørge for dagleg oppfølging av tenestetilbodet. 

Arbeidsoppgåver:
  • fokus på at den daglege drifta skal fungere, med utgangspunkt i pasient og tilgjengeleg  personalressurs. Innleige av vakter i  samarbeid med institusjonsleiar og fordele personal-    ressursen på dei ulike vaktene.
  • Formidle viktige oppgåver/beskjeder ved vaktskiftet, og sørge for oppfølging frå legevisitt og tiltaksteam. Sette opp dagsplan for arbeidet som skal gjerast, og fordele  arbeidsoppgåver til personalet ( arbeidsfordeling, ansvarsvakter, stell, administrere medisinar osv)
  • halde oversikt over pasientar: fagleg og behandlingstiltak. Samarbeid med tiltaksteamet,   lege, fysikalsk avdeling, sjukehus, pårørande og heimetenesta. 
  • vere pådrivar for langrapport ein gang i veka med fagleg fokus på pasient og behandlingstiltak. Sørge for oppfølgjing av individuelle planer for den einskilde pasient. 
  • saman med leiinga undervise og veilede personale på avdelinga, og dermed bidra til å skape eit godt fagmiljø. Vere pådrivar i høve fokus på og rapportering avvik. 
Vi ynskjer søkjarar som har:
  • sjukepleiarutdanning. Føremon med relevant etter/vidareutdanning. 
  • erfaring frå liknande arbeid
  • god kjennskap til data
  • evne til å arbeide sjølvstendig og målretta
  • evne til fleksibilitet og ha gode samarbeidsevner

Den som vert tilsett må legge fram tilfredstillande politiattest. 

Kontaktperson: institusjonsleiar Sonja Myrekrok 992 19 328

Søknad via vårt søknaddsenter. Merk søknad sak 19/516

Høyanger kommune

Søknadsfrist

lørdag 22. juni 2019

Kontaktpersonar

Sonja Myrekrok

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.