Lærar Stryn vaksenopplæring

Stryn kommune har ledig 100 % stilling som lærar ved Stryn vaksenopplæring


Vaksenopplæringa sitt ansvarsområde:

Undervisning av vaksne innvandrarar i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova, i samsvar med Læreplan i norsk og samfunnsfag for vaksne innvandrarar.

Undervisning i grunnskule for vaksne etter opplæringslova §4A-1 i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet.

GMU (grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom), undervisning i faga norsk, samfunnsfag og engelsk.

Spesialundervisning for vaksne etter opplæringslova §4A-2


Kvalifikasjonar for stillinga:

Krav om pedagogisk lærarutdanning i kombinasjon med undervisningskompetanse i grunnfaga norsk, samfunnsfag, naturfag, matematikk og engelsk.

I tillegg ynskjer vi personer med utdanning innan "norsk som andrespråk" og vaksenpedagogikk 

Fleksibilitet og gode samarbeidsevne vil bli vektlagt

Vi søkjer ein person som er løysingsorientert, sjølvstendig, tålmodig og inkluderande.

Nødvendig datakunnskap

Vi kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Tenester i utvikling
  • Kompetansetiltak
  • God pensjonsordning
  • Hjelpsam med bustad

Stryn kommune

Søknadsfrist

fredag 28. juni 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.