Controller

Vår kunde i Førde søkjer no etter ein dyktig controller som skal bidra til økt effektivitet i leveransar, samt sikring av kvalitetsmål i alle ledd av dagleg virke.

Stillinga som controller rapporterar til dagleg leiar, og vil ha eit tett samarbeid med andre kontor i heile landet. 


Arbeidsoppgåver:

- Økonomisk oppfølging og kontroll av dagleg drift, samt av ulike prosjekt.

- Økonomisk analyse.

- Prognose -og budsjetteringsarbeid.

- Rapportering og presentasjon av resultat og måloppnåelse, samt oppfølging av relevante    funn.

- Bistå i arbeid med å vidareutvikle interne kontrollrutinar og prosessar.

- Opptre som bindeledd i interaksjon med regnskapskontor og revisor.

- Tett dialog og samarbeid med daglig leiar ved  kontor i Førde og i Bergen.

- Deltagelse i strategiarbeid saman med styret.

- Bistå i arbeidet med innsikt.


Kven er du?

- Du kan vise til utdanning innan relevant fagområde.

- Du er forretningsorientert, strukturert, og innehar god økonomiforståelse.

- Du har gjerne relevant arbeidserfaring, fortrinnsvis frå liknande økonomiarbeid, controlling    eller revisjon.

- God IT og systemkompetanse.

Du er ein person som evnar å setje deg inn i komplekse spørsmål og problem, og du er raskt ute med å finne tilfredsstillande løysingar. Du er like komfortabel med sjølvstendig arbeidsmetodikk, som arbeid i team. Du foretar sunne og rasjonelle vurderingar, og handlar deretter.

Vi er på utkikk etter ein reflektert person som er klar over eigne styrkar og svakheiter, og som søkjer til oss for å lære meir, samt utvikle seg sjølv både fagleg og personleg.

Vi tilbyr:

- Eit inkluderande arbeidsmiljø med stor takhøgde.

- Varierte arbeidsoppgåver hjå ei bedrift i sterk vekst, med korte beslutningsprosessar og    moglegheit til å påvirke eigen arbeidskvardag.

- Moglegheiter for fagleg utvikling via interne og eksterne kompetanseprogram.

- Gode pensjon -og forsikringsvilkår, samt bedriftshelsetenester.

- Konkurransedyktig løn.

- Firmahytter i utlandet.

- Fleksitid.

- Internett og arbeidstelefon vert dekka av arbeidsgjevar.


Om dette høyrast interessant ut vil vi råde deg til å søkje.

Informasjon vedrørande søknaden vert handsama konfidensielt, også overfor vår oppdragsgiver dersom det er ynskjeleg.
Aktuelle kandidatar vert kontakta for intervju fortløpande.

Ved spørsmål om stillinga kan ein kontakte rekrutterar Daniel Dvergsdal på tlf: 400 21 564, eller E-post: daniel.dvergsdal@randstad.no.

Randstad Bergen AS Avd Sogn og Fjordane

Søknadsfrist

onsdag 17. juli 2019

Kontaktpersonar

Daniel Dvergsdal

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.