Marknadskonsulent digitale kanalar

Har du lyst å jobbe med digital marknadsføring i eit tverrfagleg miljø i ein av Norges største
sparebankar?

Vi treng deg i det kreative og engasjerte marknads- og kommunikasjonsteamet vårt. For å styrke kapasiteten innanfor den kunderetta kommunikasjonen, er vi på jakt etter ein kreativ og analytisk digital marknadsførar.

Du får eit særskilt ansvar for operativt arbeid med digitalt innhald som skapar meirverdi for
kundane og lønnsam vekst for banken. Rapportering til leiar for marknad og kommunikasjon.


Arbeidsoppgåver
• Planlegge og produsere kunderelatert innhald i digitale marknadskanalar og vidareutvikle desse
• Planlegge og gjennomføre tiltak for auka konvertering av marknadsaktivitetane
• Rapportere resultat frå dei ulike marknadsaktivitetane
• Bidra i utviklinga av marknadsstrategien og synleggjere merkevaren vår
• Vidareutvikle marknadsarbeidet generelt; sponsorarbeid, kampanjar m.m.


Kvalifikasjonar
• Høgare utdanning innanfor digital marknadsføring, informasjonsteknologi eller anna relevant
utdanning
• Det er ein fordel om du har:
• Kjennskap til CRM, marknadsføringsplattforma Apsis og Google Analytics
• Erfaring frå digital innhaldsmarknadsføring inkl. SEO og inbound marknadsføring


Vi søkjer deg som
• Er nysgjerrig på kven kundane våre er, kva dei vil og tenkjer og klarer å sette dette i system
• Har eit godt auge for gode brukaropplevingar og ser nye løysingar
• Du søker aktivt ny kunnskap innafor teknologi og kundeadferd
• Har stor arbeidskapasitet kombinert med lyst til å skape endring og resultat saman med andre
• God formuleringsevne, både munnleg og skriftleg. Målforma er nynorsk.


Vi tilbyr
• Gode fagmiljø i ein marknadsorientert organisasjon med ei sterk merkevare
• Varierte oppgåver med stor grad av sjølvstende
• Konkurransedyktige vilkår, gode pensjons- og forsikringsordningar
• Gode moglegheiter for fagleg vidareutvikling
• Arbeidsstad: Førde, marknads- og kommunikasjonsavdelinga


Spørsmål; ta kontakt med direktør HR, Eirik Rostad Ness tlf.: 951 22 583, eller leiar Marknad og
kommunikasjon, Johanne Viken Sandnes, tlf.: 959 21 208.

Sparebanken Sogn og Fjordane

Søknadsfrist

torsdag 20. juni 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.