Vikariat i 100% stilling, pedagogisk leiar, for tida i Svelgen barnehage

Vi har ledig vikariat for pedagogisk leiar i 100% stilling, for tida i Svelgen barnehage. Vikariatet gjeld for tidsrommet 01.08.2019 - 31.07.2020. 

 
Om Svelgen oppvekst:
Svelgen oppvekst er eit oppvekstsenter med 2 barnehagar og ein barne- og ungdomsskule, og er den største driftseininga  innan oppvekstsektoren i kommunen. Svelgen barnehage har 2 avdelingar med born i alderen 3 – 6 år. Langeneset barnehage har 2 avdelingar med born i alderen 1 – 3 år. Både barnehagane og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Barnehagane arbeider tett saman og har felles pedagogisk plattform. Vi har tilpassa og utvikla vår eigen metodikk i høve til  PALS, og vi arbeider målretta i høve til språk og resultatleiing. Evne til å reflektere over eigen rolle som vaksen i relasjon med barn er viktig.
 
Arbeidsoppgåver:
  • Arbeide målretta i høve til barnehagen sitt pedagogiske arbeid og satsingsområder, i samarbeid med resten av personalet, foreldre og andre samarbeidspartnarar.
  • Bidra til kompetanseheving og nytenking i barnehagen.
  • Ha eit overordna fagleg ansvar for ei barnegruppe, og leiing av personalet på si avdeling.
  • Pedagogisk leiar vil og vere ein del av barnehagane sitt leiarteam, og ha fokus på leiing, fagleg utvikling, rettleiing og dokumentasjon.
Krav til kompetanse:
  • godkjend barnehage-/ førskulelærarutdanning
  • gode skriftlege og munnlege framstillingsevne
  • gode norskkunnskapar

Søknadar frå studentar i avsluttande utdanningsløp vil og bli vurderte.

Du som vert tilsett må i tillegg til faglege kunnskapar:

  • vere ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
  • ha eit genuint ønskje om å jobbe med barn, og har kunnskap om barn si utvikling
  • vere raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
  • vere sjølvstendig, ha evne til å ta ansvar, leie og motivere medarbeidarane dine
  • vere fleksibel og løysingsorientert og trivast i ein aktiv kvardag
  • trivast med, og har helse til å vere ute i all slags ver heile året, og bruke uterommet i det pedagogiske arbeidet.

Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.

Vi kan tilby: 

  • Meiningsfylt arbeid og faglege utfordringar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale
  • God pensjonsordning og heildøgns forsikring
  • Tilsetjing etter gjeldande lover og reglar
  • Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass
 
 
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om deg som søkar bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkarlista.

Dersom du ønsker unntak frå offentleg søkarliste må du grunngje det særskilt i eige dokument sendt til post@bremanger.kommune.no eller Bremanger kommune, pb 104, 6723 Svelgen.

Alle søkarar til ledige stillingar i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Bremanger kommune

Søknadsfrist

søndag 23. juni 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.