100% stilling som sjukepleiar i Bremanger kommune, for tida ved Svelgen omsorgssenter

Vi har ledig 2 faste stillingar som sjukepleiar i 100%, samt vikariater fram til august 2020, for tida ved Svelgen omsorgssenter. 

Vi kan tilby

  • god pensjonsordning og heildøgns forsikring
  • hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass

Vi lønnar alle sjukepleiarar 25 000 kroner over minsteløn.
 
Om arbeidsplassen

 I mars 2016 flytta vi inn i eit heilt nytt Omsorgssenter. Her bur pasientane i lyse og trivlege omgjevnader og medarbeidarane har fått ein heilt moderne og til rettelagd arbeidsplass.


I løpet av hausten 2019, skal Bremanger Kommune starte opp med Legevaktspilot i samarbeid med SYS IKL. Legevakta på natt vil då verte på Svelgen Omsorgssenter og sjukepleiarane på Omsorgssenteret vil verte ein del av den aktive legevakta i Bremanger Kommune på nattevaktene. Sjukepleiarane vil i forkant av dette få kursing og auka kompetanse innan akuttmedisin.


Vi har fleire ressursteam, der det er mogleg å fordjupe seg, m.a. rehabilitering, demens, palliativ omsorg og kreft.Vi arbeider i årsturnus kor medarbeidarane har anledning til å få innverknad på arbeid –og fritida si.
 

Du som blir tilsett må
  • ha offentleg godkjenning som sjukepleiar
  • gjerne ha erfaring med akuttmedisinnytte norsk munnleg og skriftleg godt
  • like å arbeide i team
  • vere innstilt på endringar
  • legge fram politiattest av nyare dato
  • ha førarkort klasse B
 
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode medarbeidarar!

 
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om deg som søkjar bli offentliggjort, sjølv om du ikkje ønskjer å stå på søkjarlista.

 
Dersom du ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må  du grunngje dette særskilt i eige dokument sendt til post@bremanger.kommune.no eller Bremanger kommune, pb 104, 6723 Svelgen.


Alle som søkjer på ledige stillingar i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Bremanger kommune

Søknadsfrist

søndag 23. juni 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.