Ferievikar, aktivitør vaksenopplæringa

Vi har ledig ferievikarstilling som aktivitør ved vaksenopplæringa på Rise i Svelgen i perioden 05.08.2019 til 16.08.2019.

 
Stillinga er på 37,5 timar i veka og utgjer 100% stilling. Det vert satt av 45 minutt kvar dag til planlegging av aktivitetar på skulen.

 
Elevane har oppmøte frå klokka 09.00 - 15.45, måndag til fredag.

 
Vi søkjer etter deg som har fagbrev som aktivitør, men andre med erfaring eller interesse for å planlegge og gjennomføre aktivitetar kan søkje.

 
Elevane har nettkurs i norsk som dei arbeider med. Ein del av aktivitetane du gjennomfører kan vere å arbeide med dette. Det vil bli gitt opplæring, slik at du kan rettleiie elevane.

 
Eksempel på andre aktivitetar kan vere spel, turar, film, ulike handverksaktivitetar og dagleg vask av skulen. Du vil ha ansvar for at rammene for aktivitetane er på plass. 
 
Du må:
  • ha gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk og engelsk
  • kunne arbeide sjølvstendig (planlegge, leie og gjennomføre aktivitetar)
  • ha interesse for å jobbe med framandspråklege, frå ulike land. 
 

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i eige dokument sendt til post@bremanger.kommune.no eller Bremanger kommune, pb 104, 6723 Svelgen.

Alle søkjarar til ledig stilling i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Bremanger kommune

Søknadsfrist

søndag 23. juni 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.