Miljøterapeut i barneverntenesta, heimebasert tiltak Gloppen /Stryn

  • Kommunane Stryn og Gloppen samarbeider om heimebasert tiltak i barnevernet. Gloppen er vertskommune for samarbeidet og barnevernsleiar er dei tilsette sin næraste overordna.

Vi har ledig 100% fast stilling som miljøterapeut med tiltreding snarast råd.

Arbeidsoppgåver  

  • Miljøterapeutisk arbeid med born og unge i deira heimemiljø, med fokus på samspel i familien. 
  • Rettleiing til foreldre. 
  • Samarbeid med barnehage, skule og andre relevante instansar, og tett samarbeid med sakshandsamar i barneverntenesta.

    Det må påreknast noko arbeidstid på ettermiddag/kveld

Kvalifikasjonar   

  • Godkjent utdanning som sosionom, barnevernpedagog eller vernepleiar 
  • Det er ønskjeleg med vidareutdanning eller erfaring i miljøterapeutisk arbeid med barn og unge i deira heimemiljø. 
  • Kompetanse i ulike rettleiingsmetodikkar som t.d PMTO, Marthe Meo, Dialog, ICDP, ART vil bli vektlagt. 
  • Førarkort for personbil.

Vi kan tilby rettleiing og kursing/sertifisering

 Personlege eigenskapar  

  • Evne til å jobbe målretta og systematisk i komplekse livssituasjonar.
  • Vår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i team. 
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.

 Vi tilbyr  

  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. 
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
  • Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.


Gloppen kommune

Søknadsfrist

torsdag 20. juni 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.