Prosjekt- og anleggsleiar Førde

Vil du ta del i vår satsing i Førde? Vi søker

PROSJEKT- OG ANLEGGSLEIAR

Veidekke Bygg Sogn og Fjordane søker prosjekt- og anleggsleiar til prosjekt i Førde-området. Vi aukar aktiviteten vår i Sunnfjord, og treng dyktige medarbeidarar til å bygge opp vårt nye avdelingskontor. Arbeidsstad er Førde.

Vi ynskjer oss dyktige prosjekt- og anleggsleiarar som kjenner stolthet i kroppen etter kvart som prosjekt vert ferdigstilt og kan takast i bruk av fornøgde kunder. Som prosjektleiar i Veidekke har du ansvar for den samla gjennomføringa av prosjekt, og går inn i eit leiarteam saman med anleggsleiar og prosjekteringsleiar ute på byggeplass. Som anleggsleiar leier du den daglege framdrifta på prosjekta fram mot ferdigstilling. Veidekke lev av og for prosjekt – gjer du?

Søk jobben her: http://veidekke.no/jobb/ledige...

Arbeidsoppgåver

Som prosjektleiar vil du ha ansvar for oppstart, organisering og styring av prosjekt. I dette arbeidet inngår blant anna å planlegge framdrift, sørge for god økonomi og kvalitet i  prosjektgjennomføring og sluttprodukt. Tilbodsarbeid er ein sentral del av jobben, og i samarbeid med andre skal du lage tilbodsgrunnlag kunden ikkje ynskjer å takke nei til. Vi jobber ofte med fleirgongskunder, noko som inneber at kundeoppfølging er ein del av arbeidskvardagen. Som prosjektleiar har du og personalansvar for eigne medarbeidarar. Saman byggjer vi framtida, og det er din jobb å motivera prosjektteamet til å yte sitt beste.

Ein anleggsleiar i Veidekke har ansvar for å planlegge og skape god og sikker drift på prosjektet, og vil ha det overordna ansvaret for at alt fungerer som det skal. Du skal sjølvsagt ikkje gjere jobben aleine, men det er ditt ansvar å sørge for at prosjektet vert drive etter riktig framdrift og at produksjonen går etter planen. Dette betyr at du må ha god styring på planlegging, økonomi, kontrakt, bemanning, HMS- og kvalitetsarbeidet i prosjektet. Anleggsleiar har leiaransvaret for medarbeidarane våre på prosjektet. Difor må du og kunne fungere godt som ein personalsjef. Du vil få styre alt frå mindre jobbar til store og kompliserte prosjekt, og planlegginga vil setje store krav til deg som anleggsleiar. Du vil få solid støtte frå prosjektorganisasjonen vår, men du må ta imot utfordringa med at du er kaptein på skuta!

Kvalifikasjonar

Vi ser helst at du har utdanning som ingeniør eller sivilingeniør innan byggfaget. Fagbrev og/eller teknisk fagskule innan byggfag i kombinasjon med lang erfaring kan kompensere for utdanning. Erfaring med økonomistyring og kalkulasjon av prosjekt, og resultat- og leiaransvar i større byggeprosjekt vil telle mykje.

Personlege eigenskapar

Det er viktig at du er initiativrik og handlekraftig – i Veidekke får du ansvar om du tek ansvar. Gode idear, godt samspel og involvering er sentralt hjå oss. Det vil du raskt legge merke til. Du er oppteken av gode økonomiske resultat og kvalitet i gjennomføringa av prosjekt. Helse, arbeidsmiljø og tryggleik er ein sjølvsagt del av arbeidskvardagen din – vi tek ikkje snarvegar. Som prosjektleiar er kunnskap om og evne til å etablere og leie team essensielt. For å oppnå ynskja resultat må vi jobbe saman. Nye prosjekt betyr ofte nye ansikt, men du vil og møte gamle kjende. Ved å byggje gode relasjonar til både kunder, leverandørar og medarbeidarar vil ikkje berre byggjeprosessen gå betre, men det blir og ei glede å overlevere prosjektet til kunden. Som leiar har du skjønt at den beste måten å løyse problem på er ved å samarbeide med andre. Du har mange gode idear og løysingar, men dei blir ofte betre når du involverer andre i prosessen.

Du må vere genuint interessert i bygg- og anleggsprosjekt og du må elske å skape flotte bygg. Og du må like å omgå mange menneske – heile tida. Vi ser kort og godt etter deg som evner å sjå det totale biletet og som alltid finn den beste vegen framover.

Kva kan vi tilby deg?

I Veidekke blir du ein del av ei bedrift som er uformell i omgangstonen og som har eit positivt arbeidsmiljø. Vi gjennomfører mange ulike prosjekt i året, noko som gjer at du vil få gode høve til å nytte kompetansen din i varierte prosjekt. Du blir ein del av eit team som både har det kjekt på jobb og har høg prestasjonsevne. Vi veit at sterke fagmiljø gir nøkkelkompetanse som vi er avhengige av. I vår verd er den beste skulen praktisk erfaring i prosjekta våre. Det er og her ein lærer mest og best – i samspel med alle aktørene som bidreg inn i eit prosjekt. Saknar du derimot å sitje på skulebenken for å lære noko nytt, er det mange kurs å velge i hjå vår eigen Veidekkeskule. Vi er eit stort skandinavisk selskap med gode høve til å tre inn i andre roller etter behov. I Veidekke har vi gode pensjons- og forsikringsordningar, og du vil saman med alle andre kolleger få høve til å eige eigen bedrift. I dag eig vi ca 15 % av verdiane i selskapet, noko som er ganske unikt blant store selskap i Norge.

Veidekke Entreprenør AS

Søknadsfrist

fredag 28. juni 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.