Kommunikasjonsmedarbeidar

Er du full av idear om korleis synleggjere Sogn og Fjordane som ein attraktiv bu- og arbeidsstad?

Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Det har seg nemleg slik at to av våre kommunikasjonsmedarbeidarar har tatt jobben med å rekruttere til Sogn og Fjordane til eit nytt nivå. Ein av dei er i foreldrepermisjon, den andre skal. Difor ser vi etter deg som brenn for godt og nyskapande innhald, har eit stort hjarte for kommunikasjon og er full av idear om korleis Framtidsfylket kan utvikle seg. Teknisk interesse er ein fordel, men ikkje eit krav. 

Framtidsfylket er Sogn og Fjordane si eiga merkevare for jobb og rekruttering og omfattar i dag jobbportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser. Jobben din vil vere å drifte og skape innhald til våre kanalar, planlegge og gjennomføre kampanjar og events og følge opp kundar og samarbeidspartar. 

Arbeidsstad vil vere PEAK SUNNFJORD i Førde sentrum, der du vil vere del av eit sosialt, dynamisk og moderne kontorfellesskap med mange spennande bedrifter. Her får du jamnleg invitasjon til sosiale happenings etter arbeidstid, og det er lett å komme i kontakt med resten av miljøet. 

Vi ser etter deg som har kompetanse innan eitt eller fleire av desse felta

  • Innhaldsproduksjon
  • Tekst
  • Journalistikk
  • Foto
  • Video
  • Digital marknadsføring
  • Grafisk design

Dette kan vi tilby

  • Halvt års vikariat med sjanse for forlenging
  • Å oppleve fantastiske Sogn og Fjordane
  • Flett nye lokale
  • Ganske greie kollegaer
  • Ganske god lunsj
  • Variert og innhaldsrik arbeidskvardag
  • Fleksitid
  • Trening i arbeidstida

Oppstart: august 2019. 

Ung eller gamal, høgt utdanna eller berre brennande engasjement for god kommunikasjon? Vi vil gjerne snakke med deg. Send ein søknad med CV til linda@framtidsfylket.no innan 9. juni, eller søk direkte i portalen. 

Merk e-posten: «kommunikasjonsmedarbeidar».

Framtidsfylket AS

Søknadsfrist

søndag 9. juni 2019

Søk stilling

Kontaktpersonar

Linda Hovland

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.