Dagkassanering, personell i Flora brannvesen

Med bakgrunn i forskriftskrav frå Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap (DSB) og innbyggartallet i sentrum av kommunen, er det i Flora brannvesen etablert dagkassernert beredskap. Dette inneber at 4 personar i 100% stilling normalt skal utgjere vaktberedskapen på dagtid.

Det skal no tilsettast ein person i 100% stilling for å stette forskriftskravet.

Flora brannvesen er aktiv innan kursing, både internt og eksternt i kommunen. Denne stillinga vil bli ein del av denne aktiviteten.

Flora brannvesen har i dag ansvaret for administrasjon av Bremanger brannvesen.

Innan 01.01.2020 vil Flora- og Vågsøy brannvesen utgjere Kinn brannvesen, Bremanger vil då være ein del av brannregionen i Kinn brannvesen.

Ledig stilling Flora brannvesen – 100% dagkassernert personell

Vi søkjer ein person som ønskjer å inngå i eit team der vi skal gjere kvarandre gode.Dine eigenskapar skal tilføre brannvesenet som lagleiar ein tryggleik i beredskapssamanheng. Du skal delta i ein beredskap der du ønskjer å vere på jobb for å sikre ein trygg og sikker kvardag for innbyggarane våre.

Krav til kompetanse

  • Gjennomført grunnkurs for deltidsmannskap i brannvesenet
  • Gode datakunnskapar
  • Tilfredsstillande helse for røykdykking, gjennom fysisk test for røykdykkar
  • Avstand til bustad må ikkje være over 5 km. frå brannstasjonen
  • Krav til oppmøtetid på brannstasjonen ved alarm er maks 4 minutt på dag og 6 minutt på natt.
  • Førarkort for bil
  • Førarkort for lastebil, eller at du er villig til å ta dette for eiga rekning innan 12 mnd. frå tilsetting.

Det er ønskjeleg med følgjande kompetanse:

  • Kjennskap til vedlikehald av motorkøyretøy, hydraulikk, e.l.
  • Kompetansebevis for utrykkingskøyring

Viktig eigenskap for personell i denne stillinga:

  • Vere villig til å drive utadretta aktivitetar og kursverksemd. Dette vil medføre ein del reising.
  • Gode evner til å jobbe i team med andre, men også gode evner til å jobbe sjølvstendig.
  • Villig til å ta dei kurs som brannsjefen pålegg

Spørsmål kan rettast til brannsjef Robert Endestad 57756035 / 90124335.

Flora kommune

Søknadsfrist

fredag 7. juni 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.