Byggesaksjef/avdelingsleiar

Byggesaksjef / avdelingsleiar.

Me har ledig 100 % fast stilling som byggesaksjef ved plan og forvaltningsavdelinga. Avdelinga har 6 tilsette og ansvar for ma desse arbeidsområda:

" Plan

" Byggesak

" Oppmåling

" Kart / GIS / Matrikkel

" Landbruk

Arbeidsoppgåver

Den som blir tilsett må i tillegg til byggesakshandsaming også pårekna arbeidsoppgåver innanfor andre fagområde. Det kan vera aktuelt å legga leiarfunksjonen for avdelinga til stillinga.

Kvalifikasjonskrav

Det vert stilt krav om utdanning på høgskulenivå/teknisk fagskule. Arbeidserfaring innanfor fagområdet vil bli tillagt vekt.

Personlege eigenskapar

Me ynskjer å rekruttera ein person som har gode samarbeidsevner, stor arbeidskapasitet og som trivst å arbeida både sjølvstendig og tverrfagleg.

Løns- og tilsetjingsvilkår

Løn og andre vilkår i samsvar med kommunal tariffavtale.

Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Fleksibel arbeidstid.

Andre opplysningar

Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

Søknadsprosedyre

Alle søknader til ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. 

Søknadsfrist   03.06.2019                                     Utlyst dato 15.05.2019                                                               

Kontaktperson

Oddbjørn Ese, rådmann, mobil: 97710918, oddbjorn.ese@vik.kommune.no

Vik kommune

Søknadsfrist

mandag 3. juni 2019

Kontaktpersonar

Oddbjørn Ese

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.