Seksjonssjef for Kurs

SEKSJONSSJEF FOR KURS

Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er eit statleg forvaltingsorgan under Utanriksdepartementet.


Vår hovudoppgåve er å forvalte tilskot til internasjonal utveksling av frivillige og tilsette mellom land i Afrika, Asia, Latin Amerika og Norge. I 2018 var 230 verksemder frå 24 land involvert i 80 ulike partnarskap. Til saman utveksla desse partnarskapa 580 menneske.


I 2018 opna vi kontor i Førde. Her er vi i ferd med å bygge opp eit nasjonalt kompetansesenter for utveksling, nettverksbygging og utvikling av ungt leiarskap.

OM STILLINGA
Norec har ledig stilling som seksjonssjef for kursseksjonen i programavdelinga. Vi søker etter ein dyktig leiar, som skal bidra til å vidareutvikle kursverksemda i Norec.
Norec tilbyr i dag kurs til alle deltakarar som reiser på utveksling og alle partnarar som mottek tilskot. Kursseksjonen planlegg, gjennomfører og vidareutviklar alle våre kurs.
Kursa bidrar til styrka måloppnåing i prosjekta, og er ein viktig komponent i vidareutviklinga av Norec som kompetansesenter.

DINE OPPGÅVER
  • Ha det overordna ansvaret for planlegging og gjennomføring av alle Norecs kurs
  • Leie og vidareutvikle Norec sitt kurstilbod ut frå ny strategi og føringar frå avdelingsdirektør
  • Koordinere fellesprosjekt og samarbeid på tvers av seksjonane i Norec, og følgje opp Norecs strategiske målsettingar
  • Sikre ei overordna fagleg prioritering av ressursbruk i seksjonen
  • Personalansvar for medarbeidarane i seksjonen
  • Vere eit bindeledd mellom eigen seksjon og andre avdelingar i Norec
  • Budsjettansvar
OM DEG
  • Du har relevant høgare relevant utdanning og/eller erfaring.
  • Du har kompetanse og erfaring med å utvikle faglege opplegg på ulike formidlingsplattformer, inkludert e-læring, for formidling til ulike målgrupper i ei internasjonal setting
  • Du har god kjennskap til ulike formidlingsstrategiar og -metodar
  • Du har kunnskap om norsk utviklingspolitikk og bistand
  • Du har ein tydeleg leiarstil, som motiverer og skapar engasjement hos dei rundt deg.
  • Du har erfaring med å leie og koordinere større prosjekt-, og utviklingsarbeid
  • Du evnar å tenke nytt og kreativt, er aldri utlært og likar å halde deg oppdatert
  • Du samarbeider godt med andre, har ein solid prioriteringsevne og er ikkje redd for å ta i eit tak.
  • Du meistrar norsk og engelsk både skriftleg og munnleg. Andre språk vil vere ein fordel.
  • Erfaring frå personalleiing vil telje positivt.
VI TILBYR DEG
  • Mogleheita til å vere med på å utvikle Norec som kompetansesenter for utvekslingssamarbeid
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Ein fantastisk gjeng med kollegaer som alle brenn for sitt fagfelt.
  • Eit uformelt arbeidsmiljø med stor takhøgde og godt humør
  • Høve til bustadlån i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar og fleksibel arbeidstid
  • Trening i arbeidstida

Det stillast krav til personleg integritet og evne til å syne respekt for andre. At ein er personleg eigna vert vektlagt. Andre oppgåver må påreknast. Det er tiltenkt ei viss reiseverksemd i stillinga.

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med programdirektør Marit Bakken, telefon 907 49 383 eller e-post marit.bakken@norec.no

GENERELL INFORMASJON
Stillinga vert løna etter avtale innanfor Statens lønsregulativ som seksjonssjef kode 1211 med lønsplassering mellom kr 631 700 – 713 600. Stillingsplassering vil vere avhengig av utdanning og erfaring.

Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse. Frå løna vert det trekt 2 % til Statens pensjonskasse.

Norec legg vekt på mangfald. Vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, om å søke stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan bli gjort offentlege, sjølv om søkaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkarlista. Dersom dette ikkje vert tatt til følgje, vil søkaren bli varsla om dette.

Søknadsfrist: 26. mai 2019
Arbeidsstad: Førde.
Tiltreding: etter avtale

Norec (Fredskorpset)

Søknadsfrist

søndag 26. mai 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.