Seksjonssjef for Kommunikasjon og nettverk

Norec søker: SEKSJONSSJEF FOR KOMMUNIKASJON OG NETTVERK

Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er eit statleg forvaltingsorgan under Utanriksdepartementet.

Vår hovudoppgåve er å forvalte tilskot til internasjonal utveksling av frivillige og tilsette mellom land i Afrika, Asia, Latin Amerika og Norge. I 2018 var 230 verksemder frå 24 land involvert i 80 ulike partnarskap. Til saman utveksla desse partnarskapa 580 menneske.

I 2018 opna vi kontor i Førde. Her er vi i ferd med å bygge opp eit nasjonalt kompetansesenter for utveksling, nettverksbygging og utvikling av ungt leiarskap.

OM STILLINGA
Norec har ei ledig stilling som seksjonssjef for kommunikasjon og nettverk.
Vi søkjer etter ein dyktig leiar, som kan vidareutvikle og iverksette Norecs kommunikasjonsstrategi, og markere Norec som ein tydeleg og framoverlent samfunnsaktør innan norsk bistand.

Avdelinga har ansvar for all intern og ekstern kommunikasjon i Norec, der rolla som leiar er strategisk viktig for organisasjonen.

DINE OPPGÅVER

  • Ha det overordna ansvaret for intern og ekstern kommunikasjon, i samråd med avdelingsdirektør. Dette inneber synleggjering av Norec si prosjektportefølje, omdømmebygging, mediehandtering og krisekommunikasjon.
  • Sikre at Norec når ut med ein klar bodskap til sine målgrupper, og synleggjere Norec som ein relevant aktør i utviklingsfaglege spørsmål
  • Leie og vidareutvikle Norecs kommunikasjonsarbeid, og gi kommunikasjonsfagleg bistand til direktør og leiargruppe
  • Koordinere arbeidet av Norecs nettverkssatsing, både mot potensielle partnarar og andre aktørar i Norge og internasjonalt
  • Koordinere fellesprosjekt og samarbeid på tvers av seksjonane i Norec, og følgje opp Norecs strategiske målsettingar
  • Sikre ei overordna fagleg prioritering av ressursbruk i seksjonen
  • Personalansvar for medarbeidarane i seksjonen.
  • Vere eit bindeledd mellom eigen seksjon og andre avdelingar i Norec
  • Budsjettansvar

OM DEG

  • Du har sterk kommunikasjonsfagleg utdanning og/eller bakgrunn
  • Du har god kunnskap om norsk utviklingspolitikk og bistand
  • Du har ein tydeleg leiarstil, som motiverer og skapar engasjement hos dei rundt deg.
  • Du har erfaring med å leie og koordinere større prosjekt- og utviklingsarbeid
  • Du evnar å tenke nytt, er aldri utlært og likar å halde deg oppdatert.
  • Du har eit klart og tydeleg språk, og meistrar norsk og engelsk både skriftleg og munnleg. Andre språk vil vere ein fordel.
  • Du samarbeider godt med andre, har ein solid prioriteringsevne og er ikkje redd for å ta i eit tak.
  • Erfaring frå personalleiing vil telje positivt.

VI TILBYR DEG

  • Mogleheita til å vere med på å utvikle Norec som kompetansesenter for utvekslingssamarbeid
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Ein fantastisk gjeng med kollegaer som alle brenn for sitt fagfelt.
  • Eit uformelt arbeidsmiljø med stor takhøgde og godt humør
  • Høve til bustadlån i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar og fleksibel arbeidstid
  • trening i arbeidstida

Det stillast krav til personleg integritet og evne til å syne respekt for andre. At ein er personleg eigna vert vektlagd. Andre oppgåver må påreknast.

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med avdelingsdirektør Morten Rørvik, telefon 91 00 55 09 eller e-post morten.rorvik@norec.no

GENERELL INFORMASJON
Stillinga vert løna etter avtale innanfor statens lønsregulativ som seksjonssjef kode 1211 med lønnsplassering mellom kr 631 700 – 713 600. Stillingsplassering vil vere avhengig av utdanning og erfaring.

Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse. Frå løna vert det trekt 2 % til Statens pensjonskasse.

Norec legg vekt på mangfald. Vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, om å søke stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkaren har bede om å ikkje verte ført opp på søkarlista. Dersom dette ikkje vert tatt til følgje vil søkaren verte varsla om dette.

Søknadsfrist 26. mai 2019
Arbeidsstad: Førde
Startdato: etter avtale

Norec (Fredskorpset)

Søknadsfrist

søndag 26. mai 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.