IKT medarbeidar

Me søker etter deg som ynskjer å vera med å bidra til vekst og utvikling i eit lokalt selskap i konkurranse med dei store internasjonale turistmåla. Du ynskjer utfordringar i eit konsern med IT ansvar og oppgåver for fleire selskap og avdelingar innan ulike bransjar. Me har eit auka behov for ressursar i avdelinga, som skal ivareta brukarstøtte og tekniske løysingar innan dei områda avdelinga har ansvar for.

I Flåm vert du ein del av eit internasjonalt miljø, med fast tilsette og sesongarbeidarar frå over 20 nasjonalitetar. Naturen spelar på lag med oss og gjer det enkelt for oss tilsette å leve opp til våre verdiar:

Ekte - Spektakulær – Gjestfri - Kompetent

I avdelinga vert du ein del av eit team på 4 personar, som rapporterer til leiar for IT.

Som IKT medarbeidar må du ta ansvar for:

  • Oppsett og teknisk vedlikehald av IKT utstyr
  • Drift og vedlikehald av IT system
  • Problemløysing på teknisk utstyr
  • Konfigurasjon og drift av nettverk
  • Opplæring og brukarstøtte
  • Booking- og betalingsløysningar

Dine kvalifikasjoner er:

  • Fagbrev IKT servicefag eller anna relevant fagbrev/kompetanse
  • Erfaring frå liknande stilling er ynskjeleg
  • Kunnskap om drift av server på vmWare 
  • God på å dokumenter løysningar for IT og sluttbrukar
  • Tenker sikkerheit i alle samanhengar
  • Alltid klar for ny teknologi
  • Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk, kunne formidle og kommunisere på engelsk

Ut over desse arbeidsoppgåvene er IT avdelinga involvert i ulike prosjekt, som t.d kassasystem (båtar, kundesenter, butikkar, osv.) og stillinga inngår i årleg turnus med IT vakt.

Som person må du kunne jobbe sjølvstendig, og samstundes ta ansvar for oppgåver i lag med kollegaer. Du må ha interesser innan system og IT, og det er forventningar til at du som søker har relevant erfaring frå IKT drift og brukarstøtte.

Du vil i stor grad kunne vere med å påverke eiga karriere og utvikling.

Løn etter avtale – andre vilkår i samsvar med Flåm AS sine retningslinjer.

Arbeidsstad: Flåm

Søknadsfrist: 28.05.2019

For spørsmål kring stillinga ta kontakt med Geir Inge Tufte (leiar IT) –  geir.inge.tufte@visitflam.com eller Nils Asbjørn Lie (HR-direktør) – 905 10 709 nils.asbjorn.lie@visitflam.com

Søknad vert å sende via https://www.jobbdirekte.no/flaam_as/index.html 

Flåm AS

Søknadsfrist

tirsdag 28. mai 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.