Systemutviklar ID-porten

Lyst til å jobbe med viktige nasjonale fellesløysingar i staten?

Difi søkjer ein erfaren systemutviklar for å bidra til å vidareutvikle ID-porten. Vi søkjer deg som vil bli ein del av Norges fremste kompetansemiljø innan systemutvikling og sikkerheit. Vi jobbar med identitetsdrive sikkerheit basert på OIDC og OAuth2, og for tida utviklar vi ny og spennande funksjonalitet knytt til datadeling, api-sikring og autentisering av verksemder.

Hos Difi vil du bli ein del av eit større fagmiljø på 25 utviklarar. Du vil møte eit stort spenn i arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for personleg utvikling. Vi legg vekt på smidig arbeidsmetodikk og effektive leveransar. Du kjem til å arbeide med oppgåver saman med fagmiljø både i og utanfor Difi.

Difis utviklingsmiljø jobbar planmessig, med stor fagleg tyngde og høge ambisjonar. For å jobbe i Difi er det viktig at du er nysgjerrig og utforskande innan teknologi og metodikk, og evnar å sjå korleis dette kan nyttast i utviklinga av digitale løysingar.

Stillinga er fast med arbeidsstad på Leikanger. Arbeidsstad Oslo kan vurderast i særlege tilfelle.

I tillegg til interessante faglege utfordringar kan vi tilby kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar, og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø. Med eit ungdommeleg studentmiljø og mange spennande fritidstilbod er Sogn ein attraktiv stad å bu.

Dine oppgåver

  • systemutvikling i eit smidig produktteam
  • bidra til å ivareta applikasjonssikkerheit
  • bidra til at sikkerheit blir designa og bygd inn i nye applikasjonar
  • jobbe med sikkerheit og yting ved bruk av ulike plattformer
  • jobbe med avansert arkitektur for eksisterande og nye tenester
  • vere pådrivar for kvalitet og rettleie andre utviklarar

Dine kvalifikasjonar

Du må ha

  • bachelor- eller masterutdanning innan programmering/systemutvikling. Lang og særleg relevant erfaring kan kompensere for dette
  • kravet
  • minst fem års erfaring innanfor systemutvikling
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Avhengig av erfaring og utdanning ønskjer vi at søkjarane har god kunnskap og erfaring frå eitt eller fleire av følgjande område

  • systemutvikling i Java, gjerne med god kjennskap til Spring-rammeverket
  • løysingsarkitektur som støttar kontinuerlege leveransar
  • teamarbeid med utvikling basert på smidige metoder
  • kvalitet i kodeleveranse med hensyn på modellering, "clean code" og testing
  • erfaring med applikasjonssikkerhet og utvikling

Vi søkjer deg som

  • kan jobbe sjølvstendig og i team
  • tek initiativ når du ser nye moglegheiter
  • engasjert, strukturert, analytisk og løysingsorientert


Vi tilbyr

  • løn som rådgjevar eller seniorrådgjevar i lønsspennet kr 576 100 - kr 778 700 etter kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
  • familievenleg og fleksibel personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar 
  • treningsrom og høve til trening i arbeidstida

Direktoratet for forvaltning og ikt

Søknadsfrist

onsdag 29. mai 2019

Kontaktpersonar

Aamund Bremer

Jørn Stenehjem

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.