Fleire sjukepleiarstillingar!

Furuhaugane Omsorgssenter

  • 3 x 100 % fast sjukepleiarar stilling til flexiteam

Vi er på jakt etter deg som synast det er spennande å jobbe på ulike arbeidsplassar. Flora kommune skal rekruttere tre nye sjukepleiarar i 100% faste stillingar til flexiteam der målet er å betre kontinuiteten og den faglege kompetansen ved korttidsfråvær og redusere vikar innleige. Mot at ein må belage seg på å jobbe på tvers av avdelingane vil ein motta ein kompensasjon på kr. 20.000 i året.

Ein vil ha fast forutsigbar turnus, men det vil variere frå vakt til vakt på kva avdeling du skal jobbe. Furuhaugane har to avdelingar, ei langtids- og ei korttidsavdeling. To sjukepleiarar vert tilsett på langtidsavdeling avd. B og ein på korttidseining avd. C. Som sjukepleiar blir du tilsett i eit spennande team og får god opplæring og oppfølging som ny tilsett. 

Vi søkjer deg som:

  • er fleksibel og løysingsorientert
  • likar nye og varierande arbeidsoppgåver
  • trivast i ulike arbeidsmiljø
  • har gode samarbeidsevner

Vi kan tilby:

  • eit spennande og lærerikt fagmiljø
  • kreativt og godt arbeidsmiljø
  • gode lønnsvilkår grunna kompensasjon
  • internundervisning og etisk refleksjonsgruppe
  • årsturnus
  • fagforum for høgskuleutdanna

Flora Omsorgssenter

2 x 100 % fast sjukepleiar/ vernepleiarstilling frå snarast

Vi søkjer sykepleiar og vernepleiar til vår skjerma avdeling for demente. Avdelinga har 20 pasientar fordelt på 2 grupper. Tenesta er opptatt av miljøbehandling og har tilsett både musikkpedagog og musikkterapeut som jobbar tett ilag med personale i avdeling for å gje pasientane gode stunder. Avdelinga har eigen sansehage som brukerane kan nytte når dei ynskjer det. For meir informasjon kontakt avdelingsleiar Janne Berstad mobil 41 53 49 24.

Kvalifikasjonar:

  • Sykepleiar eller vernepleiar. Gjerne med vidareutdanning eller interesse for geriatri, demens eller psykiatri
  • Evne til å jobbe målretta etter miljøterapautiske tiltak
  • Fokus på tillitskapande arbeid

Personlege eigenskapar:

  • Vi søkjer målretta og strukturert miljøterapeut
  • Du har gode samarbeidsevner og jobbar sjølvstendig
  • "Stå på vilje" og personleg eignaheit vil bli vektlagt
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Glad, modig og raus

Heimeteneste Krokane

  • 100% fast sjukepleiarstilling med meiransvar funksjon. 2 eller 3 delt turnus frå 17.06.2019 
  • 100% fast sjukepleiarstilling. 2 delt eller 3 delt turnus frå 17.06.2019 

For meir informasjon kontakt avdelingsleiar Evy Renate Bjørnseth mob. 415 34 918.

Felles for stillingane

Sjukepleiarstudentar som blir ferdigutdanna i 2019/2020 kan også søkje. Ved tilsetting må alle legge fram politiattest.

Flora kommune

Søknadsfrist

mandag 27. mai 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.