Universell utforming av ikt - teknolog

Vil du jobbe med digitalisering og tilgjengelegheit?

Ikt-løysingar i Noreg skal vere universelt utforma. Dette gjeld nettstadar, appar og automatar. Difi fører tilsyn med at private og offentlege verksemder, lag og organisasjonar følgjer forskrift om universell utforming av ikt. Tilsynet rettleier om universell utforming av ikt og jobbar for eit
samfunn utan digitale barrierar.

Vi har ledig eit vikariat som teknolog frå 15.08.2019 - 14.08.2020 med moglegheit for forlenging.

Dine oppgåver er å

  • delta i tilsyn ved å teste universell utforming av nettsider og appar
  • gi informasjon om universell utforming av ikt gjennom nettsida vår eller via e-post eller telefon direkte til verksemdene
  • delta i ulike prosjekt, f.eks. webprosjekt eller utviklingsprosjekt
  • bidra i utgreiings- og analysearbeid, m.a. bidra til utarbeiding av statistikk

Kvalifikasjonar
Du må

  • ha fullført høgare utdanning med informatikk, samfunnsvitskap eller andre relevante fagfelt på bachelor- eller mastergradsnivå
  • vere god til å uttrykke deg skriftleg og munnleg på norsk

Vi ønskjer også at du har

  • erfaring med universell utforming eller menneske/maskin-interaksjon
  • erfaring med teknologi og ikt-løysingar og gjerne prosjektarbeid
  • kjennskap til og forståing for offentleg forvaltning

Vi søkjer deg som har

  • gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
  • evne til å jobbe sjølvstendig og målretta
  • god organisasjonsforståing og analytiske evner
  • evne til og interesse for å arbeide i team og prosjekt

Vi tilbyr deg

  • løn som førstekonsulent eller rådgjevar i lønsspennet kr 449 400- kr 619 300 etter kvalifikasjonar. For særskilt kvalifiserte søkjarar kanhøgare lønn avtalast
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
  • familievenleg og fleksibel personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
  • treningsrom og høve til trening i arbeidstid

Direktoratet for forvaltning og ikt

Søknadsfrist

søndag 26. mai 2019

Kontaktpersonar

Tilsynsdirektør Malin Rygg

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.