Museumsvert

                          NORDFJORD FOLKEMUSEUM

                           LEDIG  FAST STILLING SOM

                                 MUSEUMSVERT

Kort om Nordfjord Folkemuseum

Nordfjord Folkemuseum er eit friluftsmuseum på Sandane i Gloppen. Vi har 44 antikvariske bygningar, ei jekt og ca. 20 000 gjenstandar. I administrasjons- og utstillingsbygget er det utstillingar, arkiv, magasin,museumsbutikk og enkel kafé.

Arbeidsoppgåver

·         Førstelinjeoppgåver knytt til avdelinga

·         Ansvar for drift og utvikling av museumsbutikk  

·         Ansvar for drift og utvikling av utleige

·         Oppfølging og utvikling av samarbeid med eksterne aktørar

·         Formidling

Kvalifikasjonar

·         Interesse for museums -og kulturarvsarbeid

·         Gode munnlege og skriftlige framstillingsemne

·         Gode digitale kunnskapar

·         Gode språkkunnskapar

·         Ønskeleg med røynsle frå kontorarbeid og førstelinjeteneste

·         Ønskeleg med førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

·         Serviceinnstilt

·         Målretta og strukturert

·         Gode samarbeidsevne

Stillinga er ledig frå august.

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane er inne i ein organisasjonsprosess, og dette kan føre til endringar i stillinga sitt innhald og arbeidsoppgåver. Søkjar må vere fleksibel i høve til intensive arbeidsperiodar. Det må påreknast noko reising, kvelds og helgearbeid. Stilling blir lønna etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum (Virke). God pensjonsordning. IA-avtale.

Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til avdelingsdirektør Anne Kristin Moe tlf.951 41 894. Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.

Søknad med CV sendast innan 27. mai 2019, til stilling@misf.museum.no, eller i post til Musea i Sogn og Fjordane, Gota 16, 6823 Sandane. Merk søknad « Museumsvert NFM»

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane

Søknadsfrist

mandag 27. mai 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.