Vitskapleg assistent | Vikariat

Dette er Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca 100 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord. Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet er ein del av instituttet.
Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, kroppsøving, friluftsliv og folkehelsearbeid. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap og fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde på alle nivå i barnehagelærarutdanninga og ved grunnskulelærarutdanningane og bidrar i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.
 
Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje mm.

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, er det ledig ein mellombels stilling  i 100% som vitskapleg assistent for perioden 1.8.2019 til og med 31.7.2020 ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag.

Stillinga er knytt til forskingsprosjektet Active Learning Norwegian Preschool(er)s (ACTNOW). ACTNOW er eit storskala forskings- og utviklingsprosjekt knytt til kompetanseutvikling i høve til fysisk aktivitet i barnehagen. Målet er å utvikle ein god og bærekraftig modell for auka fysisk aktivitet i barnehage og undersøke effekten av fysisk aktivitet på barns generelle utvikling, læring og helse. Prosjektet er leia av professor Eivind Aadland ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Campus Sogndal, her også den vitskaplege assistenten vil ha sin arbeidsstad/tilknyting

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil vere :
- Planlegge og koordinere datainnsamling
- Gjennomføre datainnsamling
- Plotte, bearbeide og kvalitetsvurdere data
- Drifte nettressursar
- Gjennomføre andre oppgåver ved behov

Kvalifikasjonskrav:
- Søkjarar må ha mastergrad i idrettsvitskap eller tilsvarande
- Søkjarar må ha førarkort klasse B
- Søkjarar må meistre norsk

Ønskte kvalifikasjonar:
- Har erfaring med gjennomføring av større forskingsprosjekt
- Har erfaring med testing og datainnsamling knytt til fysisk aktivitet, fysisk form, motorikk, sosio-emosjonell helse, sjølv-regulering, eksekutiv funksjon og/eller læring hjå barn
- Har erfaring med handtering av forskingsdata
- Har kjennskap til fysisk aktivitet og folkehelsearbeid
- Har erfaring frå arbeid i barnehage
 
Personlege eigenskapar:
- God evne til sjølvstendig og systematisk arbeid
- God samarbeidsevne
- Evne til å ta initiativ
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Kommuniserer godt med barn
- Det vil bli vurdert om søkjaren er personleg eigna for stillinga.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke her.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.
Aktuelle søkjarar blir kalt inn til intervju. Den som blir engasjert må framvise politiattest som ikkje er eldre enn tre måneder (jf. Opplæringsloven § 10-9 første og andre ledd, jf. politiregisterloven § 39 første ledd).

Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø
- Høve for trening i arbeidstida

Stillinga Stillinga er løna etter statens lønsregulativ som vitskapleg assistent i stillingskode 1019 eller 1020, avhengig av kompetanse.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.
Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.
Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

Assisterande institutleiar Ane Solbraa tlf: 57 67 60 81/ mobil 90953275

Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.
Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 

Les meir på våre heimesider.

Høgskulen på Vestlandet

Søknadsfrist

søndag 5. mai 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.