Prosjekt- og byggeleiar

Solund kommune har ledig 100% fast stilling som prosjekt- og byggeleiar innan infrastruktur og stadutvikling.

Vi arbeidar med fleire store og spanande prosjekt og har behov for ei koordinerande prosjektleiar for å sikre god gjennomføring av prosjekta.

Prosjektleiaren vil dei fyrste åra ha spesielt fokus på følgjande:

  • Bygging av ny ungdomsskule
  • Bygging av nye omsorgsbustadar
  • Utbygging av breiband
  • Utarbeiding av bustadstrategi og tilhøyrande handlingsplan
  • Vidareutvikling av Solund Idrettspark

Det er forventa at prosjektleiar dei fyrste åra vil bruke mykje tid og ressursar på bygginga av ny ungdomsskule. Solund kommune arbeidar kontinuerleg med utvikling og nye prosjekt vil kome til etter kvart.

Arbeidsoppgåver som vil ligge til stillinga er mellom anna:

  • Koordinere prosjekt i tråd med vedtak og budsjett
  • Inngå og følgje opp kontraktar med entreprenørar
  • Kontrollere at arbeid vert utført etter gjeldande lover og forskrifter
  • Skrive søknader og rapportere på prosjektmidlar
  • Sakshandsaming
  • Etablere samarbeid med relevante aktørar

Ynskjelege kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning og erfaring av byggeleiing. Lang erfaring innan byggeleiing kan kompensere for utdanning.
  • Kunnskap og erfaring om budsjett og prosjektøkonomi
  • Erfaring med sakshandsaming er ein fordel
  • Evne til å arbeide både sjølvstendig og i lag
  • Førarkort kl. B
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar:

  • Er strukturert og tydeleg
  • Gode samarbeidsevner
  • Engasjert, framtidsretta og påliteleg
  • Evne til å sjå heilskap og mogelegheiter
  • Ha forståing av kva det betyr å arbeide i ein politisk styrd organisasjon
  • Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. 

Løn og tilsetjingsvilkår:

  • Tilsetjing vert i tråd med gjeldande lov- og avtaleverk 
  • For stillingar i Solund kommune gjeld ei prøvetid på 6 månader
  • Administrasjonssjefen er næraste overordna til stillinga
  • Tiltredelsesdato etter avtale

Vi tilbyr:

  • Ei spenande stilling med ansvarsfulle og varierte oppgåver 
  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid
  • God pensjonsordning i KLP
  • IA-bedrift
  • Hjelp med å finne bustad

Nynorsk vert nytta som arbeidsspråk.

Offentelg søkjarliste:

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
  
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:
Administrasjonssjef Erik Askeland tlf. 57 78 62 00 / 975 34 479. E-post erik.askeland@solund.kommune.no 
 
Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga og ynskjer berre kontakt med søkjarar.

Solund kommune

Søknadsfrist

søndag 12. mai 2019

Kontaktpersonar

Erik Askeland

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.