Psykisk helsearbeidar vikariat

Vi har ledig 80% vikariat i perioden 15.08.19 – 31.08.20, med moglegheit for auke til 100 % ila perioden.

Psykisk helseteneste yter hjelp til menneske som av ulike årsaker har utfordringar med den psykiske helsa. Det kan vere akutte kriser, vanskelege livssituasjonar, langvarige psykiske lidingar eller andre tilhøve som gjer at ein treng psykisk helsehjelp. Tenesta yt hjelp ut i frå kvar enkelt pasient sine behov, ressursar og mål. Arbeidet skal fremje god livskvalitet, sjølvstende og meistring av eige liv.

Arbeidsoppgåver

Hovudarbeidsoppgåvene er å følgje opp barn og unge, mellom anna med støttesamtalar og samarbeid med andre tenester. Det vil bli forventa at ein bidrar til vidareutvikling av tenesta sitt tilbod til barn og unge. Det vil også ligge arbeidsoppgåver knytt til dagaktivitetstilbodet som ligg til tenesta. Det vil føreligge arbeidsoppgåver på systemnivå, til dømes å vidareutvikle samarbeid med andre instansar. Det er i tillegg forventa at ein utfører andre arbeidsoppgåver som er relevante i tenesta. Fysisk aktivitet inngår i delar av tenesteytinga.  

Eventuelle endringar i drift av tenestetilbodet kan forekome og stillinga vil i så tilfelle tilpassast dette. 

Kvalifikasjonar

Vi ynskjer at du 
- har relevant utdanning, eventuelt kan kompensere med arbeidserfaring
- evnar å jobbe sjølvstendig
- kan samarbeide i team
- har kompetanse om samtalar med barn og unge
- er positiv til å handtere nye utfordringar
- har kompetanse om relasjonsbygging
- har høg arbeidskapasitet
- evnar å stå i vanskelege situasjonar
- er løysingsorientert
- er fleksibel og evnar å omstille deg raskt

Kompetanse om psykisk helse vil saman med personlege eigenskapar bli vektlagt.

Vi tilbyr

Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. 
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
Det må leverast politiattest før tiltreding.

Arbeidstid: Dagarbeid


Gloppen kommune

Søknadsfrist

onsdag 24. april 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.