Einingsleiar på Oreteigen

Vi har ledig 100% fast stilling som einingsleiar på Oreteigen - omsorgsbustader med bemanning tilgjengeleg heile døgnet.

Arbeidsoppgåver

Eningsleiar har overordna administrativt ansvar for personal, økonomi og fagleg innhald i tenestetilbodet på Oreteigen.
Einingsleiar inngår i leiargruppa til helse- og omsorgssjef

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter ein medarbeidar med helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning.
Det er ønskjeleg med leiarutdanning/leiarerfaring.
Erfaring frå arbeid med mennesker med demens og målretta miljøarbeid vert vektlagt.
Det er viktig med god norskkunnskap, datakunnskap og gode evner til skriftleg og munnleg framstilling.

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer ein engasjert einingsleiar som vil arbeide for ei god fagleg og organisatorisk utvikling av tenesta.
Einingsleiar skal vere ein pådrivar for å skape eit godt tilbod til brukarane, ha evne til å leie og motivere dei tilsette, og bidra til ein positiv kultur og eit godt arbeidsmiljø.
Einingsleiar må ha evne til fleksibilitet, sjølvstendig arbeid og kunne arbeide systematisk og strukturert for å oppnå resultat i arbeidet.
Vår nye einingsleiar må vere ansvarsbevisst og ha evne til samarbeid. Det er viktig å vere løysingsorientert og ha gode kommunikasjonsevner.

Vi tilbyr

Lønn etter avtale.
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
Det må leverast politiattest før tiltreding.


Gloppen kommune

Søknadsfrist

fredag 3. mai 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.