Jurist – digitalisering, kontraktsrett og offentlege innkjøp

Er du jurist og har lyst til å jobbe med fornying av offentleg sektor?

Difi har ansvar for utvikling og forvaltning av nasjonale fellestenester i offentleg sektor og er ein viktig bidragsytar for at det offentlege skal levere nye og betre tenester til innbyggarane.
Vi søkjer etter ein engasjert jurist til å jobbe med spanande juridiske oppgåver innan digitalisering, offentlege innkjøp og kontraktsforvaltning. Stillinga gir særs gode moglegheiter til å jobbe med varierte oppgåver i krysning mellom jus og IT. Vi jobbar inn mot nasjonale utviklingsprosjekt og samarbeidar ofte med dei store offentlege etatane og andre samarbeidspartar.

Du er sjølvstendig, utadvendt og proaktiv med interesse for digitalisering og erfaring frå eit eller fleire av fagområda som vi jobbar med. Kompetanse innan IT og jus vil bli særleg vektlagt. Det vert også lagt vekt på motivasjon for å tileigne seg spesialkunnskap innanfor dei fagområda vi jobbar med.

I tillegg til spennande faglege utfordringar, kan vi tilby kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar, og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø. Med ein variert arbeidsmarknad og mange spennande fritidstilbod er Sogn ein attraktiv stad å bu.

Kvalifikasjonar

Du må ha:
  • utdanning som cand.jur/master i rettsvitskap
  • relevant erfaring/fordjuping frå eit av fagområda personvern/rettsinformatikk, offentlege innkjøp eller kontraktsforvaltning
  • gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg

Vi søker deg som

  • er fagleg interessert og har stort engasjement
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • er strukturert og har gjennomføringsevne

Vi tilbyr deg

  • løn som rådgjevar eller seniorrådgjevar i lønsspennet kr 480 600 – kr 778 700 pr. år etter kvalifikasjonar
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
  • familievenleg og fleksibel personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
  • treningsrom og høve til trening i arbeidstida

Stillinga er fast.

Direktoratet for forvaltning og ikt

Søknadsfrist

søndag 28. april 2019

Kontaktpersonar

Frode Danielsen

Siri Heggenes

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.