Avlastar i eigen heim og støttekontakt

Eid kommune har ledig fast stilling som avlastar i eigen heim ei helg kvar månad. Som avlastar i eigen heim må du ha plass til å ha eit barn i helga, og du må kunne sjå føre deg at dette er eit oppdrag du kan ta på deg over tid.
Avlastning i eigen heim er tiltak for pårørande med langvarig omsorgsarbeid som av ulike årsaker er meir krevjande enn det normalt sett er. Siktemålet med avlastning er å gi eit pusterom i kvardagen for den/dei som til vanleg har omsorgsansvaret, og det er viktig at den som tek til i stillinga er ein trygg og stabil omsorgsperson for at avlastinga skal ha ønskja effekt.Eventuelle søkjarar som har stilling i kommunen frå før kan i utgangspunktet vere tilsett som avlastar i eigen heim, men vi må sjå på den samla stillinga og gjennomsnittsberekne arbeidstida.
Vi ønskjer å kombinere stilling som avlastar i eigen heim med stilling som støttekontakt/assistent for same omsorgsmottakar.
Støttekontakt er eit tiltak for personar som av ulike årsaker treng støtte og bistand for å oppnå ein aktiv og meiningsfull kvardag. For barn kan det vere å følgje til faste fritidsaktivitetar, hjelp til å finne på og delta i nye aktivitetar og vere ei støtte i sosiale situasjonar med andre barn.

For meir informasjon, sjå ekstern lenkje i denne annonsen.

Eid kommune

Søknadsfrist

søndag 28. april 2019

Kontaktpersonar

Siri Skjølberg Frimannslund

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.