Sakshandsamar i helse- og omsorgstenesta

Vi har ledig 100% fast stilling som sakshandsamar og systemansvarleg i Profil, i helse- og omsorgstenesta i Gloppen kommune, med verknad frå 01.06.2019 (eller etter avtale).

Arbeidsoppgåver

Den tilsette skal ha ansvar for sakshandsaming i helse- og omsorg, og i tillegg vere systemansvarleg for fagprogrammet Profil. Det må og påreknast å løyse andre oppgåver delegert frå helse- og omsorgssjef.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter ein medarbeidar med godkjent helsefagleg høgskuleutdanning. Vår nye medarbeidar bør ha god kunnskap om aktuelt lovverk, gode ikt-kunnskapar og interesse for arbeidet med dette. Den tilsette må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Det er ønskjeleg med brei erfaring frå kommunehelsetenesta og erfaring frå arbeid med sakshandsaming og fagprogrammet Profil.

Den tilsette bør ha førarkort.

Personlege eigenskapar

Vår nye medarbeidar må  vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i team.

Vi tilbyr

Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. 
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.


Gloppen kommune

Søknadsfrist

torsdag 25. april 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.