Rådgjevar/seniorrådgjevar - kultur og helse

Fylkeskommunen er ein aktiv og sentral aktør i norsk kulturliv. Vi er no inne i store endringar gjennom fylkessamanslåinga med Hordaland, og mogleg overtaking av kulturoppgåver frå staten. I tillegg har vi også vedteke ny regional plan for kultur som skal setjast i verk frå 2019. Vi har no ledig heil fast stilling i nærings- og kulturavdelinga, kulturseksjonen. 

Oppgåvene som er knytt til stillinga vil vere: 

  • Samarbeid med utdanningsinstitusjonar, kommunar og frivillig sektor om å utvikle kultur i helse-, omsorgs- og oppvekstsektoren 
  • Stimulere til nye kultursatsingar og -tiltak, og arbeide for å implementere desse i helse-, omsorgs- og skulesektoren
  • Rådgjeving / rettleiing og kompetanseoverføring til kommunar, institusjonar og frivillig sektor som ønskjer å utvikle kultur- og helsesatsing i eigne planar/aktivitetar
  • Plan- og utgreiingsarbeid, prosjektarbeid innan kultur og helse, førebuing av politiske saker mm. 

Vi krev: 

  • Mastergrad innan kunst- og kulturfag, musikkterapi eller andre relevante fag for feltet, t.d. planlegging eller helsefag. Lang dokumentert erfaring frå arbeid innan offentleg forvaltning/kulturfeltet/frivillig sektor/privat næringsliv kan kompensere for manglande formell utdanning. 

Vi vektlegg: 

  • Solid erfaring frå tilsvarande arbeid i offentleg, privat og/eller frivillig sektor
  • God innsikt i kunst- og kulturfaglege problemstillingar, og korleis nytte desse inn i helse- omsorgs- og oppvekstsektoren
  • Kunnskap om forsking frå feltet, og korleis ta denne i bruk i dagleg arbeid 
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne 
  • Evne til samarbeid og utviklingsorientering
  • Analytiske ferdigheiter og evne til strategisk arbeid 
  • Løysingsorientering
  • Innsikt i, respekt for og kunnskap om handtering av etiske dilemma
  • Evne til å skape tillit og aksept 

Vi kan tilby:

  • Spanande arbeidsoppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling 
  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår 
  • Fleksibel arbeidstid
  • Arbeidsstad i moderne lokaler i Førde

Stillinga inneber ein del reiseverksemd, og det er difor ynskjeleg at den som vert tilsett har førarkort.

Administrasjonsmålet til fylkeskommunen er nynorsk. 

På heimesida vår: http://www.sfj.no finn du meir informasjon om fylkeskommunen. 

Nærmare opplysingar får du hjå ass. fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad, telefon 415 30 941. 

Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema du finn i søknadsbildet www.sfj.no  

Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke søkarlista. Søkar vil blir orientert om dette på førehand. Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit ev. intervju. 

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Søknadsfrist

søndag 31. mars 2019

Kontaktpersonar

Ingebjørg Erikstad

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.