To lærlingar i kontor- og administrasjonsfaget

Sogn og Fjordane fylkeskommune har to ledige stillingar som lærlingar i kontor- og administrasjonsfaget frå august 2019. Den eine stillinga er plassert i sentraladministrasjon for tannhelsetenesta på Leikanger, den andre er ei delt stilling mellom avdeling for opplæring i sentraladministrasjon på Leikanger og Sogndal vidaregåande skule.


Vi søkjer deg som likar eit hektisk arbeidsmiljø, tek initiativ, søkjer informasjon og likar utfordrande arbeidsoppgåver. Vi kan tilby variert og allsidig opplæring og praksis i samsvar med læreplanen for vg3 i kontor- og administrasjonsfaget.

Arbeidsstokken i fylkeskommunen skal spegla mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetjing, og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne.

Kvalifikasjonar
  • Fullført og bestått vg2 Sal, service og tryggleik.

Vi vektlegg
  • Serviceinnstilling, samarbeidsevne og god kommunikasjon
  • Gode datakunnskapar
  • At du kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre
  • At du er motivert og engasjert
  • At du er systematisk og nøyaktig
  • Vilje til å stå på

Vi tilbyr:
  • Løn etter gjeldande tariffavtale for lærlingar
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i høve læreplanen
  • Stimulerande og godt arbeidsmiljø

Kontorstad: Leikanger

Sogn og Fjordane fylkeskommune er medlem i Opplæringskontoret for offentleg sektor (OKOS)

På heimesida vår: http://www.sfj.no finn du meir informasjon om fylkeskommunen.

Nærmare opplysingar om stillingane får du hjå direktør for tannhelsetenesta Clara Øberg (tlf. 415 30 713)  eller hjå teamleiar, opplæringsavdelinga Sissel Brusegård (tlf. 405 24 464).

Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema du finn under ledige stillingar på www.sfj.no

Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke søkarlista. Søkar vil bli orientert om dette på førehand. Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit ev. intervju.

Søknadsfrist: 15. april 2019.

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Søknadsfrist

mandag 15. april 2019

Kontaktpersonar

Clara Øberg

Sissel Brusegård

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.