Driftsoperatør Sande Settefisk AS


DRIFTSOPERATØR

Sande Settefisk AS held til på Rygg i Gloppen kommune i Nordfjord, og har sidan 1993 vore dotterselskap til Hyen Fisk AS. I dag er vi seks tilsette, samt ein lærling, med opp til 30 års erfaring og høgare utdanning innan akvakultur. Vi har konsesjon på laks og regnbogeaure. Selskapet er medlem av Salmon Group, verdas største nettverk av små, familieeigde oppdrettsselskap.  

Vi søkjer etter ein driftsoperatør (100% stilling) til vårt settefiskanlegg på Rygg i Gloppen kommune.

Arbeidsoppgåver for stillinga:

·         Dagleg ettersyn, stell og fòring av fisk.

·         Handtering av fisk, inkludert sortering, vaksinering og levering.

·         Dagleg ettersyn og vedlikehald av teknisk produksjonsutstyr.

·         Journalføring og rapportering i verksemda sitt produksjons- og internkontrollsystem.

·         Inngå i vaktordning, med responstid på 20 minutt.

·         Andre arbeidsoppgåver som kjem til.

Ynskja kvalifikasjonar: 

·         Fagbrev i akvakultur eller anna relevant utdanning.

·         Erfaring frå biologisk produksjon (havbruk eller landbruk).

·         Truckførarbevis.

Stillinga krev evne til å arbeide sjølvstendig, men samstundes vere ein god lagspelar. Vi søkjer deg som er lærevillig, systematisk og praktisk anlagt. Gode norskkunnskapar er nødvendig. Begge kjønn blir oppmoda om å søkje.

Vi kan tilby:

·         Varierte arbeidsoppgåver, kurs og kompetanseheving.

·         Arbeid i ei spanande næring og i ei verksemd med godt utviklingspotensiale.

·         Lønn etter avtale og kvalifikasjonar.

·         Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

·         Flotte kultur- og fritidstilbod i nærmiljøet og tettstaden Sandane.

Søknadsfrist: 31.03.2019.

Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til dagleg leiar Åsmund Ommedal, tlf.400 29 245 og til driftsleiar Tom Wilke, tlf. 977 52 418.

Skriftleg søknad med CV stilast til: aasmund@hyen.no

Sjå heimeside for meir informasjon: www.hyen.no

Sande Settefisk AS

Søknadsfrist

søndag 31. mars 2019

Kontaktpersonar

Åsmund Ommedal

Tom Wilke

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.