Vikar som kundebehandlar/bankvert i Bergen

Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i fylket. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 54 milliardar kroner og 270 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen.
Banken har no ledig eit vikariat i eit år i ei stilling som kundebehandlar/bankvert ved kontoret vårt i Bergen.


Er du kompetent og motivert, trivst med kundepleie og kan skape tillit og gode relasjonar er
du kanskje den vi er på jakt etter?


Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak omfatte:
• Oppfølging og aktivitetar mot privatkundar
• Aktivt sal og marknadsføring av banken sine produkt og tenester
• Rådgjeving og kundeservice
• Daglegbank - bankvert


Til stillinga søkjer vi deg som
• Er engasjert, har ei utprega sals- og serviceinnstilling
• Kan skape tillit, gode og langsiktige relasjonar
• Kan arbeide både sjølvstendig og i team
• Gjerne har erfaring frå daglegbank eller som bankvert


Noko av det Sparebanken Sogn og Fjordane kan tilby er konkurransedyktig løn, gode pensjons og forsikringsordningar, høve til utvikling gjennom utfordrande arbeidsoppgåver og eit
godt arbeidsmiljø i ein innoativ og framtidsretta bank.

Nærare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte Torunn Steimler tlf 988 28 536,
torunn.steimler@ssf.no

Sparebanken Sogn og Fjordane

Søknadsfrist

søndag 24. februar 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.