INTIN søker utviklar

INTIN tilpassar smarthus og velferdsløysingar for bedriftsmarknaden og offentleg sektor. Våre kundar er installasjonsbedrifter, kommunar, Forsvarsbygg, bustadentreprenørar og utleigebransjen i heile Norge. Alt frå enkle bustadar til flåtestyring av 6-7000 einingar. Ved å nytte opne API frå leverandørar kan vi tilby skreddersydde løysingar og integrasjonar. INTIN AS dobla omsetninga i 2018 og har laga eit grunnlag for kraftig vekst og vil etablere seg i ein Nordisk marknad i nær framtid.


Jobbe med oss?

Kunne du tenke deg å sitte i eit uformelt fagmiljø med påverknadskraft, i eit selskap med flat leiarstruktur og kultur for entreprenørskap? Den tekniske plattforma som vi bygger baserar seg på Amazon webservices, med hendelses-/datadrevne tenester basert på streaming-/microserviceteknologiar. Denne skal byggast opp og utviklarane vil være med på å drive teknologiutviklinga for plattforma. Vi ser gjerne at du likar å leike med nye teknologiar og rammeverk, API Management og har lyst å jobbe med større system og microservices


Kva eigenskapar har du?

• Du er oppdatert på ny teknologi og aktiv på teknologiforum

• Du har over snittet gode språkferdigheiter i minimum norsk og engelsk

• Du tek initiativ og har sterk gjennomføringsevne

• Du har høg fagleg kompetanse og er løysingsorientert.


Vi kan tilby deg:

• Jobb i teknologiklynga PEAK Sunnfjord med mange «leading edge» teknologiverksemder i same fellesskap.

• Vere med å bygge eit teknologiselskap i vekst

• Veldig kjekke kollegaer der alle heiar på kvarandre og på INTIN

• Attraktiv løn og bonusordning.

INTIN AS

Søknadsfrist

fredag 1. mars 2019

Søk stilling

Kontaktpersonar

Rune Viken

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.