Fagleiar ved Heimetenesta i Førde

Vi har ledig vikariat som fagleiar i 100 % stilling. Vikariatet er ledig i perioden 20.05.19 til 20.04.2020.

Fagleiar inngår i leiargruppa i Heimetenesta. Leiargruppa består av 4 fagleiarar i tillegg til einingsleiar for tenesta, som er næraste overordna. Heimetenesta består av 5 team, dagsenter for eldre, merkantil ressurs og serviceteknikar. Vi har per i dag 75 årsverk og yt tenester til om lag 400 brukarar. Heimetenesta samarbeider m.a. tett med tildelingseininga, fysio- og ergoterapitenesta og psykiatritenesta.

Du må:

  • ha helsefagleg høgskuleutdanning, primært sjukepleie
  • ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • kunne motivere og inspirere medarbeidarar
  • ha gode datakunnskapar
  • kunne arbeide sjølvstendig, like utfordringar og ha stor arbeidskapasitet
  • vere ryddig, serviceinnstilt og fleksibel
  • ha førarkort klasse B

Dersom det ikkje melder seg søkarar med sjukepleieutdanning kan det vere aktuelt å vurdere søkarar med vernepleieutdanning.

Det er ønskeleg med formell leiarutdanning eller leiarerfaring.

Arbeidsoppgåver:

  • leie den daglege drifta for sitt team
  • ha fagansvar og vidareutvikle ei teneste som må tilpasse seg endringar i samfunnet
  • delta i økonomistyringa av tenesta og samarbeide tett med dei andre fagleiarane
  • delta i koordineringsmøter og heimebesøk med tildelingseininga
  • ansvar for turnusarbeid i sitt team
  • delta i ulike prosjekt
  • støtte og hjelpe dei tilsette i kvardagen slik at vi kan yte gode tenester til brukar og pårørande

Vi kan tilby:

  • godt arbeidsmiljø
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • utfordrande arbeidsoppgåver i lag med dyktige og engasjerte medarbeidarar

På grunn av kommunesamanslåinga kan det bli endringar i innhaldet/oppgåver i stillinga.
Politiattest må leverast før start i stilling.

Førde kommune

Søknadsfrist

lørdag 23. februar 2019

Kontaktpersonar

Camilla Lovise Elvebakk Stein

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.