IKT lærlingar

Sogn og Fjordane fylkeskommune kan tilby eit breitt spekter av stillingar knytt til  både tenesteyting og utviklingsoppgåver. Vi har ansvar for vidaregåande opplæring, kulturtiltak, tannhelse, samferdsle, fylkesvegar, næringsutvikling og regional planlegging. Vi har 1400 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på 3 mrd. kroner.

IKT drifts- og utviklingstenesta i Sogn og Fjordane fylkeskommune skal ta inn:
IKT lærlingar

Ynskjer du ein spanande lærestad i faga IKT-servicefag eller dataelektronikar? Då kan vi tilby læreplass hjå IKT drifts- og utviklingstenesta i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Vi har til ei kvar tid ca. 15 lærlingar i staben. I år skal vi ta inn inntil 8 nye lærlingar.


IKT drifts- og utviklingstenesta leverer IKT-tenester til ca. 1400 tilsette og 4500 elevar i fylkeskommunen og har arbeidsoppgåver som drift, utvikling og brukarhjelp knytt til tenester innan server, applikasjon, datanettverk, klientutstyr og samhandlingsløysingar. Frå 2020 vil vi bli slått saman med Hordaland fylkeskommune til Vestland fylkeskommune.

Lærling-plassane vert tildelt på følgjande lokasjonar:

  • Sogndal vidaregåande skule, Sogndal
  • Eid vidaregåande skule, Nordfjordeid
  • Flora vidaregåande skule, Florø
  • Hafstad/ Mo og Øyrane vidaregåande skule, Førde
  • Fylkeshuset, Leikanger
  • Stryn vidaregåande skule, Stryn
  • Årdal vidaregåande skule, Årdal

    Oppstart vert medio august 2019.

Alle tilsette på IKT-tenesta i Sogn og Fjordane fylkeskommune er organisert under felles IKT-teneste. Når du søkjer er det difor viktig at du opplyser kva for lokasjon du søkjer på. Om du søkjer på fleire, lister du opp lokasjonane i ynskt rekkefølgje. Du treng berre å sende ein søknad.

Krav til stillinga:

  • Aktuelle søkjarar må kunne dokumentere godkjend vidaregåande utdanning i eit av dei aktuelle faga.

Andre kvalifikasjonar vi vektlegg:

  • Serviceinnstilt, utåtvent og motivert
  • Ta ansvar for eiga læring og ha evner til å samarbeide

Vi tilbyr:

  • Løn som lærling etter gjeldande regelverk
  • Eit spennande og godt arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for utvikling
  • Fagmiljø i eit godt team med andre lærlingar og faste tilsette

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju

På heimesida vår: www.sfj.no finn du meir informasjon om fylkeskommunen.


Nærare opplysningar får du hjå IKT-driftskoordinator Tom Sølve Myklebust telefon 415 30 977.

Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema du finn under ledige stillingar på www.sfj.no

Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke søkarlista. Søkar vil bli orientert om dette på førehand. Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit ev. intervju.

Søknadsfrist. 1. mars 2019

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Søknadsfrist

fredag 1. mars 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.