Undervisningsstillingar - Solund barne- og ungdomsskule

Det er ledige stillingar ved Solund barne- og ungdomsskule og vaksenopplæringa. Vi har ledig både faste og vikariatstillingar. Etter nærare avtale, og om behov, kan kombinasjonsstilling med kulturskulen vere aktuelt. 

Solund kommune nyttar nynorsk målform. Den som vert tilsett må vere trygg i norsk språk, både munnleg og skriftleg. Solund barne- og ungdomsskule er ein 1-10 skule med om lag 90 elevar lokalisert på Hardbakke. Skulen har 4-delt barneskule og 2-delt ungdomsskule. Skulen har om lag 15 lærarstillingar. I tillegg kjem reinhaldspersonell og assistentar. Personalet arbeider i team og ønskjer å utvikle skulen i fellesskap. Ved SFO er det om lag 8 elevar. Leksehjelp vert gjeve med ein time kvar veke. 

Vaksenopplæringa er organisert med tilbod på både dagtid og ettermiddagstid. Tilboda som vert gjeve er norskopplæring og samfunnskunnskap for vaksne etter introduksjonslova, for arbeidsinnvandring eller familiegjenforeining. Kommunen har kompetanse til å kunne gjennomføre eksamen lokalt. 

Les meir på kommunens heimeside www.solund.kommune.no 

Solund kommune

Søknadsfrist

onsdag 27. februar 2019

Kontaktpersonar

Gunnlaug Olsvoll Røed

Øystein Bolset Strand

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.