Sommarjobb Kundeservice/Leveranse (2 stillingar)

Sognenett AS er eit lokalt forankra breibandsselskap som er størst på
fiber i Sogn, med Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal,
Sogndal og Vik som vårt dekningsområde. Over 90 % av alle kundane våre
har fibertilknyting, og det vert stadig fleire. Der me endå ikkje kan
levere fiber tilbyr me internett gjennom radioteknologi og xDSL.
Sognenett er Get-partnar om TV-distribusjon til våre kundar.

Ved hovudkontoret i Sogndal er me 18 tilsette som har ansvar for eit
breitt fagfelt innan alt frå drift og utvikling, til kundeservice og
sal. 

For sommaren 2019 har me to ledige stillingar på kundeservice/leveranse tilhøyrande marknadsavdelinga.

Arbeidsoppgåver:

  • Kunde- og montørkontakt på telefon og e-post/skriftlege medium
  • Rettleiing og support 
  • Feilsøking og feilretting 
  • Ordrehandtering
  • Oppfølging av kundar 
  • Andre oppgåver som fell naturleg innanfor avdelinga sitt gjeldande ansvarsområde

Ynskja kvalifikasjonar

  • Erfaring innan kundebehandling
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Gode datakunnskapar og teknisk forståing
  • Det er eit føremon med teknisk interesse eller utdanning

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt og positivEngasjert, effektiv og initiativrik
  • Sjølvstendig og løysingsorientert - du finn den beste løysinga for kunden.
  • Gode samarbeidsevner 
  • Strukturert og nøyaktig

Me tilbyr

  • Spennande arbeidskvardag med gode utviklingsmoglegheiter
  • Eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Konkurransedyktige løn- og arbeidsvilkår.
  • Sommarjobb: 100 %.Oppstart og varigheit etter avtale

SEND SØKNAD MED CV TIL: 

jobb@sognenett.no eller Sognenett AS, Dalavegen 25, 6856 Sogndal (merk: Søknad sommarjobb)

Søknader vurderast fortløpande frå april.

Sognenett AS

Søknadsfrist

mandag 1. april 2019

Kontaktpersonar

Christine Helen Førde

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.