Skal du bli sjukepleiar eller vernepleiar? (Utdanningsstipend med tilsettgaranti)

Skal du bli sjukepleiar eller vernepleiar?
I så fall kan Årdal kommune tilby deg årleg utdanningsstipend på kr. 35.000,- , samt tilsetjingsgaranti etter ferdig
utdanning dersom du:

1. fullfører og får ei godkjend utdanning.
2. vel å inngå arbeidsavtale med kommunen.
3. kan jobbe i kommunen som ferievikar sommar, påske og eventuelt andre høgtider.

Det kan bli delt ut opptil 4 stipend.
Det er utarbeida retningslinjer for stipendordninga.

Dersom dette er av interesse, er du velkommen til å søke elektronisk gjennom vår rekrutteringsmodul, som du finn på
vår heimeside, under ledige stillingar.
Søknaden skal inneholde opplysningar om deg sjølv, samt når utdanninga er ferdig.

Dersom du har spørsmål om ordninga, kan du ta kontakt med leiar for personalstaben, tlf. 91588489, eller e-post:
elin.heen@ardal.kommune.no

Årdal kommune

Søknadsfrist

fredag 1. mars 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.